Marit Eikemo: Å skaffe seg rom gjennom skrivinga
Listen now
Description
I meldingar av bøkene til Marit Eikemo, står det ofte at ho tar «samtida på kornet». Det er lett å kjenne seg att, på godt og vondt. Når Eikemo kjem med ny roman er det mange som har forventningar. Denne hausten er ho aktuell med ein roman om fellesskapet vi alle har rundt oss, av profesjonelle hjelparar som legen, banken, psykologen, snikkaren og den personlege trenaren. Det er desse som har ordet etter tur i romanen «Team Tuva», og vi får innblikk i kven Tuva er, samtidig som vi blir kjent med personane bak yrka. Marit Eikemo har kjent på overskot i skrivinga denne gongen. Ho fortel om ubehaget ved å sleppe ei ny bok ut i verda, og korleis ho, i eit hektisk familieliv, har skaffa seg rom gjennom skrivinga.  Bøker av Marit Eikemo: Team Tuva – roman (2021)Hardanger – noveller (2019)Gratis og uforpliktande verdivurdering – roman (2018)Alt inkludert – roman (2015)Samtale ventar – roman (2011)Arbeid pågår – roman (2009)Samtidsruinar – essay (2008)Mellom oss sagt – roman (2006) Her, no – Møte med unge menneske (1999) — Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside: sunnivaberg.no Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
More Episodes
Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen. Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme...
Published 10/31/24
Published 10/17/24
På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt. Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om...
Published 10/17/24