Korleis finne språket igjen etter ei dramatisk hending? Kathrine Nedrejord opplevde det som heilt nødvendig å skrive etter ei overfallsvoldtekt. I Forvandlinga (2018) skildrar ho tida like etter overfallet. Ti år tidlegare debuterte Nedrejord som forfattar med boka Transitt (2008) og ho har skrive kritikarroste og prisbelønte bøker i fleire sjangrar.
I ungdomsbøkene hennar, er handlinga ofte lagt til Finnmark og ho skriv frå innsida av miljø som sjeldan har vore skildra tidlegare. I boka Det Sara skjuler handlar det m.a. om ei voldtekt i Karasjok, og sjølv om historia er oppdikta, er statistikken for overgrep i Karasjok dyster.
I Lappjævel skriv ho om den unge guten Sammol som må på internat, og ho viser kor vond og skadeleg fornorskingspolitikken har vore.
Bøker av Kathrine Nedrejord:
2010: Transitt – roman, Oktober forlag2014: Trengsel – roman, Oktober2016: Hvem er jeg når du blir borte? – ungdomsroman, Aschehoug2018: Forvandlinga – roman, Oktober2018: Slepp meg – ungdomsroman, Aschehoug2019: Det Sara skjuler – ungdomsroman, Aschehoug2020: Lappjævel! – ungdomsroman, Aschehoug2021: Det finnes ingen sannhet – ungdomsroman, Aschehoug2021: Flukta til Finnmark : 1800-talet – sakprosa, Samlaget
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post:
[email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes