15: Maria Alnæs: Fiksjonen som blei skremmande aktuell
Listen now
Description
I fjor (2021) debuterte Maria Alnæs med ein original roman om eit fiktivt land, ein autoritær stat som har gått til krig mot nabolandet sitt. Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, har romanen hennar blitt skremmande aktuell. Men boka handlar òg om så mykje meir, om eit kongerike og ein tenar, det å bli sett – og oversett, miste motet og få det igjen. Vi snakkar om korleis det var å skrive denne boka, om sensur, ytringsfridom, militæret i Russland og at vi aktivt må jobbe for toleranse. Dessutan fortel Maria at det kan vere både skummelt og fint å debutere med ei bok som ein har jobba i årevis med. Bøker av Maria Alnæs: Tjeneren (2021)Russiske journalistar nemnt i episoden: Anna Politkovskaja som har skrive boka Putins Russland. Aleksandr Solzjenitsyn (nobelprisvinner som skreiv om Gulag) Arkadij Babtsjenko:  https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/EaglGa/det-er-mulig-at-du-ikke-har-forstaatt-det-ennaa-men-russland-har-allere — Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside: sunnivaberg.no Musikk: Simon Relling Berg Grafisk design: Vidar Flak Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
More Episodes
Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen. Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme...
Published 10/31/24
Published 10/17/24
På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt. Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om...
Published 10/17/24