“Det hadde vore ein fordel om NRK faktisk satsa litt meir på nye medier og sikra naudsyn kompetanse og ikkje minst kontinuitet til å levere denne tenesta for oss som betalar lisens og er glad i å kunne høyre sendingane når dette passar oss. Generelt for NRK sine podcasts (video og lyd) er manglande automatisering (varierande namngjeving og tidspunkt for utlegging), til dels feil codec på video, altfor utstabilt mtp oppetid og for dårlig informasjon når det oppstår feil på tenesta (noko som skjer litt for ofte).Teknisk sett er podcast noko av det minst krevande å sette opp og drifte. Eg abonnerar på podcasts frå privatpersonar som er mykje meir stabile enn det NRK klarar å få til med dagens teneste. Eg lever i håpet om at NRK ser nytta av å tilby tenester som teknisk sett ligg i front, slik at vi ein dag kan være like sikre på å få levert podcast-sendingane som via eteren.”
atleha via Apple Podcasts ·
Norway ·
06/23/08