Episodes
Kva gjer all denne tida me brått har fått med norske familiar og norske barn? For enkelte er tida ei velsigning, for andre ein forbannelse. Det er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.
Published 04/05/20
Krisa er over oss og vil vara lenger. Folk og land er i ei brutal omstilling. Kva endringar vil vare, kva vil gå over og - kva er verdt å ta vare på? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.
Published 03/29/20
For akkurat eit halvt år sidan stilte “Desse dagar” spørsmålet om Norge var klar for ein ny epidemi. Og no er korona-krisa over oss. Kva sa dei då, og kva seier dei no? er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.
Published 03/22/20
Klimaendringane vil føra til store folkevandringar framover. Korleis skal Europa handtera DEN migrantstraumen? Dette er blant spørsmåla som blir stilt i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.
Published 03/15/20
Ny flyktningkrise, Koronautbrot og finanskollaps. Kva skjer når tre kriser skjer samtidig? Dette er blant spørsmåla som blir stilt i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.
Published 03/08/20
Det er typisk norsk å vera god. Men har langrennsutøvarane
blitt FOR gode? Og kva skjer med skinasjonen Norge når snøen uteblir? Dette er blant spørsmåla som blir stilt i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø.
Published 03/01/20
Over 100.000 nordmenn har opplevd ID-tjuveri dei siste to åra.
Kva skjer når me mistar vår digitale identitet? Dette er blant spørsmåla som blir stilt i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø
Published 02/23/20
Eit nytt opprør brer seg over landet, i protest mot auka ferjeprisar. Både bompengeprotestar og vindmølleaksjonar har endra norsk politikk. For politikarane er lydhøyre for dei som ropar høgast.
Er folkeopprøret det nye demokratiet?
Desse dagar med Håkon Haugsbø.
Published 02/20/20
Naturen er i endring. Dyre- og planteartar forsvinn i eit tempo me aldri har sett før. Korleis skal me greia å ta vare på naturmangfaldet? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø her på NRK P2.
Published 02/09/20
Kva skal til for at vi ikkje skal gløyme Holocaust? Minnemarkeringane og alvorsappellane er ferdige for denne gong.
Kva ansvar har vi for å halde vårt kollektive minne levande, når tidsvitna døyr?
Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar her på NRK P2 med Håkon Haugsbø.
Published 02/02/20
Den symbolske Dommedagsklokka fortel oss kor farleg
verda er. Denne veka stilte
atomforskarane klokka endå nærare midnatt, nærare. Korleis er Norge rusta til å
handtere eit kjernefysisk åtak? Det er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar
med Håkon Haugsbø.
Published 01/26/20
Den norske mjølka blir truga frå fleire hald. Me drikk mykje mindre mjølk, samstundes som importen av meieriprodukt aukar.
Har me blitt så sunne at det er usunt - for kulturen vår? Det spør me om i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 01/19/20
Før vart narkotikamisbruk behandla som ein sjukdom. I dag er narkomane van med eit liv inn og ut av fengsel. Skal menneske som rusar seg på narkotika straffast eller hjelpast? Forslaget om avkriminalisering skal hjelpe dei tyngste misbrukarane. Men blir det fritt fram for ungdom som bestiller partydop på Snapchat? Dette spør me om i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 01/12/20
50 år etter det første funnet av olje på Ekofisk-feltet, held det norske oljeeventyret fram. Samstundes vil Norge vera ein klimaleiar. Kva hadde Norge vore utan oljen og gassen? Dette er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 12/22/19
Denne veka bestemte Gjenopptakingskommisjonen for straffesaker å utsetja vedtak i Baneheia-saka til over nyttår. Kommisjonen skal vere tryggleiksventilen til rettsstaten. Men kor lett er det å få ei straffesak prøvd på nytt? Og kor mange sjansar skal dømde få til å gjere om straffa si? Dette er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 12/15/19
Medkjensle fekk biskop Gunnar Stålsett til å bryta norsk lov og gi arbeid til ein papirlaus flyktning. Vinnar av Petter Dass-prisen, Arne Viste, er dømt til betinga fengsel for å ha gjort det same. Kva gjer det med samfunnet vårt at nestekjærleik blir kriminalisert? Dette er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 12/08/19
Den norske jernbanen er i endring. Det er mange år sidan sist norske togpassasjerar var så misnøgde, viser kunderundersøkingar. Vy har tapt anbud etter anbud. Kva konsekvensar får dette? Det er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 12/01/19
Me nordmenn brukar minst kontantar i verda, men framleis blir det trykt opp nye
pengesetlar. Kva framtid har kontantane? Programleiar Håkon Haugsbø
Sending på P2 søndag 24.11 kl 1103
Published 11/26/19
Politiet i Malmø ser ut til å vera makteslause mot dei kriminelle gjengane. Er det ein samanheng mellom gjengkriminaliteten i Sverige og ungdomsvalden her heime? Det er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 11/19/19
Statsmaktene har svikta i alle ledd i NAV-saka. Kva skjer når systemet som skal hjelpa enkeltmenneske på føtene, istaden spenner bein på dei? Velferds- og rettsstaten Norge har gjort seg skuldig i eit justismord av dei heilt sjeldne. Kvifor er vi så overraska over NAV-skandalen? Grupper som tidlegare har kjempa mot trygdesystemet, og tapt, såg den komme.
Det er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 11/10/19
Sædkvaliteten til norske menn stuper. Talet på sædceller har blitt halvert dei siste 40 åra. Kva skjer og kva konsekvensar får dette? Det er tema i Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 11/03/19
Fengslinga av nordmannen Frode Berg og arbeidet for å få han utlevert frå Russland har aktualisert debatten om norsk etterretning. Spionasje i den digitale tid er tema i Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 10/27/19
Det er hundre år siden kurderane vart lova ein eigen stat, men verdas største statslause folkegruppe er framleis leiglendingar i Midtausten. Kurdiske styrkar hjalp vestlege land i kampen mot IS, men har no blitt vendt ryggen. Kvifor er kurderane nyttige når det trengs, men venelause når det krevst?
Published 10/20/19
Det politiske ordskiftet har hardna til som samfunnsdebatten forøvrig. Kor vart det av folkeskikken i ordskiftet? er spørsmålet i denne vekas utgåve av Desse Dagar med programleiar Håkon Haugsbø.
Published 10/13/19