Landslova mellom gamal og ny rett
Listen now
Description
I det som gjerne vert kalla prologen til Landslova av 1274 står Magnus Lagabøter fram som ein konge som bare bøtte på gamal rett. I det ein gjerne kallar epilogen til Landslova står derimot kongen fram meir som ein lovgjevar. Begge deler er for så vidt rett, sidan Landslova både byggjer på gamal rett og innfører heilt nye lovreglar. Så då må ein spørja: I kva grad vidareførte Landslova gamal rett, kvifor vart gamal rett vidareført, og kva gamal rett valte ein å vidareføra når det var fleire alternativ? Og i kva grad vart det laga ny rett med Landslova, kva omsyn fremma ein gjennom dei nye reglane, og kan vi slutta frå arbeidet med Landslova til kva politikk Magnus Lagabøter ønskte å føra? See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
More Episodes
Published 04/10/24
Published 01/23/24