Episodes
Published 04/10/24
Published 01/23/24
Published 01/23/24
Published 01/23/24
Published 01/23/24
Published 01/23/24
Published 01/23/24
Samanliknar ein kvinner si rettslege stilling etter Landslova med den ein finn i mange andre lovverk i Europa, så hadde dei ein sterkare stilling i det norske samfunnet. Problemet er at lovene, som for så vidt sagalitteraturen, gjev oss avgrensa innsyn i korleis kvinner faktisk opererte som rettslege aktørar. Det bevarte diplommaterialet gjev oss derimot eit større innblikk i faktisk praksis, sjølv om bevaringssituasjonen gjer dette òg til ei problematisk kjelde. Men kva kvinner møter vi i...
Published 09/03/22
Published 09/03/22
«Norge, Norge, hytter og hus og ingen borge», skreiv Bjørnstjerne Bjørnsson i eit dikt. Heilt korrekt er ikkje dette, for det fanst kongelege borganlegg i norske byar, og nokre aristokratar bygde seg mindre steinborger på slutten av 1200-talet. Men dette var likevel ingenting i forhold til det ein fann elles i Europa, og sjølv i våre naboland Sverige og Danmark, der aristokratar sine steinborger gjorde teneste som både forsvarsverk og administrative sentrum på deira jordegods. Denne mangelen...
Published 09/03/22
Etter Landslova av 1274 var kongen Guds ombodsmann og styrte den verdslege delen av riket, medan biskopen, som òg var Guds ombodsmann, og styrte den åndelege delen av riket. Difor regulerte Landslova bare verdslege spørsmål, medan dei åndelege – som til dømes ekteskap – vart regulert av kyrkja sin rett – den kanoniske retten. I settargjerda, ein avtale mellom kongs- og kyrkjemakt i 1277, vart lovgjevings- og domsmakt fordelt mellom desse to delane av det vi kan kalla ei statsmakt. Men i...
Published 06/19/22
Landslova stilte kongsmakta ovanfor to problem, som heng saman. For det fyrste var det eit heller lite kongelege styringsapparatet som skulle sikra at Landslova vart ei verksam lov, og ikkje eit reint skrivebordsarbeid. For det andre var Landslova verksam i heile Fastlands-Norge, i tillegg til vesterhavsøyane Færøyane, Shetland og Orknøyane, og dei geografiske distansane gjorde det vanskeleg for ein liten sentraladministrasjon å kontrollera korleis Landslova vart faktisk nytta rundt om i...
Published 06/03/22
Landslova av 1274 bygde vidare på, og utvida ein tradisjon for rettsleg regulering av jordbruk og handel. Utmarksressursar har alltid vore viktig for norsk økonomi, og difor underlagt rettsleg regulering som Landslova i stor grad vidareførte. Oppløysinga av trælehaldet gjorde at det kom til nye ordningar for jordleige, og ein klasse av det som seinare heiter leiglendingar vaks frampå 1100-talet. Oppløysinga av ættesamfunnet gjorde at odelsretten gjennomgjekk endringar før den fekk si form med...
Published 05/20/22
I det som gjerne vert kalla prologen til Landslova av 1274 står Magnus Lagabøter fram som ein konge som bare bøtte på gamal rett. I det ein gjerne kallar epilogen til Landslova står derimot kongen fram meir som ein lovgjevar. Begge deler er for så vidt rett, sidan Landslova både byggjer på gamal rett og innfører heilt nye lovreglar. Så då må ein spørja: I kva grad vidareførte Landslova gamal rett, kvifor vart gamal rett vidareført, og kva gamal rett valte ein å vidareføra når det var fleire...
Published 05/13/22
Vågan i Lofoten låg rett vest for der Kabelvåg ligg i dag, og var den nordlegaste av dei stadene vi reknar for byar i Norge i mellomalderen. Samstundes er det den byen ein veit minst om. Vågan vart eit viktig fiskevær og også eit handelssentrum for området. Eksport av fisk herifrå til kontinentet over Bergen går i alle høve tilbake til 1100-talet. Aktiviteten var store vår- og sommartid, medan vintertid mista Vågan mykje av bypreget sitt. Dette skuldast òg at plassen ikkje var eit kyrkjeleg...
Published 12/26/21
I følgje Snorre Sturlasson vart Oslo etablert av Harald Harråde på midten av 1000-talet, men på det tidspunktet hadde bydanninga alt teke til. I 1070 vart det etablert eit bispesete i Oslo, og byen fekk delvis preg av å vera ein biskopsby, som vil seia at biskopen dominerte byen økonomisk og politisk. Dette endra seg i løpet av 1200-talet, og frå kong Håkon V frå 1299 vart Oslo kongeleg residensby, og i ein periode så sentral at vi kan kalla den for ein hovudstad. Byen vart slik eit...
Published 12/18/21
Det har vorte hevda at Tønsberg er Norges eldste by, og i følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag før 871. Under eit kvart omstende vaks byen fram i eit område med stor rikdom, og var eit knutepunkt for handel med kontinentet. På Slottsfjellet over byen var det frå midten av 1100-talet eit festningsanlegg. Under Håkon Håkonsson si regjeringstid mellom 1217 og 1263 vart det her bygd eit festningsverk i stein, med to ringmurar og eit kastell i midten, det heile kjent som Tønsberghus. Her...
Published 12/12/21
Trondheim var i mellomalderen setet for dei norske erkebiskopane. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Trygvasson i 997. Trondheim låg i maktområdet for ladejarlane. Dei var ei fyrsteslekt som kontrollerte Trøndelag og Nord-Norge, eit område rikt på naturressursar i både havet og på fjellet. Denne rikdommen må ha vore noko av bakgrunnen for at det norske erkebispesetet vart lagt til Trondheim i 1153. Med det kom både eit lærdomsmiljø til byen, men òg politisk makt. Alt...
Published 12/05/21
Bergen var Norges største by i mellomalderen. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Kyrre i 1070. Området hadde då vore eit maktsenter lenge, med kongsgarden på Årstad bak byen, som eit klart teikna på dette. Bergen ligg mellom Sognefjorden i nord og Hardangerfjorden i sør. Desse fjordane går djupt inn i landet, og kan reknast som vegar til å transportera naturressursar ut frå heile det sentrale Vestlandet for utskiping til kontinentet. Dette er mykje av bakgrunnen for at...
Published 11/28/21