Skiljet mellom verdsleg og åndelege jurisdiksjon
Listen now
Description
Etter Landslova av 1274 var kongen Guds ombodsmann og styrte den verdslege delen av riket, medan biskopen, som òg var Guds ombodsmann, og styrte den åndelege delen av riket. Difor regulerte Landslova bare verdslege spørsmål, medan dei åndelege – som til dømes ekteskap – vart regulert av kyrkja sin rett – den kanoniske retten. I settargjerda, ein avtale mellom kongs- og kyrkjemakt i 1277, vart lovgjevings- og domsmakt fordelt mellom desse to delane av det vi kan kalla ei statsmakt. Men i Settargjerda finn ein ofte ganske generelle formuleringar, og praksis var langt meir mangfaldig enn det ein kan lesa ut av denne avtalen. Så, ut i frå det bevarte diplommaterialet frå mellomalderen, korleis vart dette skiljet mellom verdsleg og åndeleg jurisdiksjon faktisk handheva? Kva slags domstolar tok folk sakene sine til, korleis vart det laga domstolsordningar som byrde bru over skiljet mellom det verdslege og åndelege, og i kva grad kan vi slutta oss til at skiljet mellom verdsleg og åndeleg jurisdiksjon faktisk var viktig i folk sin kvardag? See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
More Episodes
Published 04/10/24
Published 01/23/24