Episodes
See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Published 11/26/21
Landslova av 1274 finst bevart i mange manuskript. Manuskripta gjev oss informasjon om meir enn lovreglane dei formidlar. Gjennom illuminasjonar og teikningar, gjennom understrekingar, peikarar, margkommentarar, og så vidare, kommuniserer fortida sine skrivarar med notida sine lesarar. Kva informasjon kan vi henta ut av denne dialogen med fortida: kva lærer vi om prosessen rundt og aktørane i produksjon av manuskript, om bruken av manuskripta, og om korleis lov vart formidla og brukt i...
Published 10/19/21
Den Landslova som vart gjeven i 1274, har vi ikkje bevart. Eldste Landslovsmanuskriptet er frå om lag 1300, og så har vi nesten 40 andre manuskript som er skrivne mellom 1300 og 1350. Kva er eit mellomaldermanuskript for noko og korleis vart dei laga i mellomalderen, kva anna materiale inneheld Landslovsmanuskripta, kven skreiv, kva språk er dei skrivne på, kva har gjort at nokre manuskript er bevart heilt fram til i dag, og korleis brukar vi dei bevarte manuskripta når vi skal rekonstruera...
Published 10/13/21
Landslova av 1274 regulerte forholda på landet. I 1276 gav Magnus Lagabøter ei Bylov for Bergen, som seinare vart nytta av dei noko over 10 norske byane. Her finn ein reglar om særleg handel og spesielle byforhold som brann, vakthald, laste og lossereglar, og så vidare, ved sida av mange reglar som var like for land og by. Men kva norske byar fanst på siste halvdel av 1200-talet, kva gjorde at kongen gav lover for byane, i kva grad fall lov og rett for by og land saman og i kva grad var det...
Published 10/06/21
Landslova av 1274 regulerte mange samfunnsforhold i ein mellomaldersk forstand. Ein skal likevel ikkje overdriva styringskrafta til lovboka. For det fyrste vart ein god del regulert gjennom andre ordningar. Ikkje minst kongen sin sentraladministrasjon vart regulert gjennom Hirdskrå, som ein nesten kan rekna som ei eiga lovbok ved sida av Lands- og Bylova, gjeven av Magnus Lagabøter. For det andre var bruken av Landslova delvis i hendene på lokale nemndemenn, som stod fjernt frå...
Published 09/29/21
Kongsspegelen var eit danningsverk som – sett på spissen – var skrive som ein styringsmanual for ein framtidig monark. Det var skrive omlag på den tida då Håkon ung døydde, og den yngre broren Magnus rykka opp som tronarving. Den seinare kong Magnus Lagabøter må difor som ung mann ha vorte kjent med Kongsspegelen. For mange av dei grunnleggjande tankar og idear som pregar Landslova av 1274, er alt formulert i dette danningsverket. Korleis plasserer Kongsspegelen seg i den europeiske...
Published 09/22/21
Landslova av 1274 representerer ikkje byrjinga på rettsleg regulering i det norske riket. Heller tvert om – det fanst alt ein solid og lang rettstradisjon som Landslova kunne byggja vidare på. Sentralt i denne rettstradisjonen stod tinget. Dei viktigaste mellom tinga var lagtinga Gulating for Vest- og seinare Sørlandet, Frostating for Midt- og seinare Nord-Norge, Eidsivating for indre Austland og Borgargarting for området rundt Oslofjorden og nedover til Gøta elv. Men når vart lagtinga...
Published 09/15/21
Litt enkelt sagt finst det to sentrale kjelder til norsk mellomalderhistorie fram til 1300-talet, og det er sagalitteraturen og dei meir reindyrka historieframstillingar, og så er det lovene. Frå rundt 1300 vert kjeldematerialet langt rikare, og ikkje minst får ein mengder med mellomalderbrev som ei meir kvardagsnær kjelde. Men kva fortel lovene oss om Norge i mellomalderen? Spegla lovene samfunnet slik det var eller slik ein ønskte det skulle vera? Var norske samfunnsforhold så spesielle at...
Published 09/08/21
Vi veit veldig lite om Magnus Lagabøter. Årsaka er at sagaen om han, som vart delvis skriven medan han levde, har gått tapt. Men vi veit frå andre kjelder at Magnus fekk undervisning i fransiskanarklosteret i Bergen. Kva veit vi om klostervesenet i Norge – når fekk vi kloster og kva betydde det intellektuelt og økonomisk for det norske riket i høgmellomalderen? Og kva veit vi om fransiskanarane og deira klostervesen både i Europa og i Norge?
See acast.com/privacy for privacy and opt-out...
Published 05/05/21
Magnus Lagabøters Landslova regulerte verdslege saker i det norske riket. Åndelege saker vart handsama av kyrkja i kyrkjelege domstolar, der ein dømte etter kanonisk rett. Men kva var kanonisk rett? Korleis oppstod den, kva forhold regulerte den, korleis prega den europeisk samfunns- og rettsutvikling i høgmellomalderen, og kva var relasjonen til kristenretten?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Anders Winroth, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn...
Published 04/28/21
Landslova vidareførte St. Olavs lov. For Olav den Heilage si lovgjeving på Moster i 1024 ser i høgmellomalderen ut til å ha vorte rekna som opphavet til norsk rett. Korleis vart denne krigarkongen utgangspunkt for utviklinga av idealbiletet av kongen som skapar fred gjennom lov og rett, korleis kom forteljinga om hans liv og død til å endre synet på styrke og veikskap, og korleis kom kristninga til å skape eit nytt bilete av familien som igjen vart fundamentet for ei ny...
Published 04/20/21
I Landslova er tosverdslæra til Augustin presentert som ei form for statsrettsleg grunnlag. Det vil seia at det vi i dag kallar statsmakta, var delt i ein verdsleg del der kongen var Guds ombodsmann, og ein åndeleg del der biskopen hadde same rolle. Det var likevel inga enkel og opplagt grense mellom dei to delane av den framveksande statsmakta. Kva politisk, økonomisk og åndeleg rolle spela kyrkja i høgmellomalderen – korleis var kyrkja med å forme den framveksande statsmakta, korleis prega...
Published 04/13/21
I Kongsspegelen vert borgarkrigane frå fyrste halvdel av 1100-talet til fyrste halvdel av 1200-talet framstilt som ei tid då det kom uår i folket slik at gode seder visna på rot. Lov og rett var eit middel til å unngå slikt elende for landet. Magnus Lagabøte presenterer i Landslova sjølv borgarkrigane som ein av grunnane til at det var behov for ny lovgiving. For ut av borgarkrigane vaks det eit nytt kongsideal – konge som rex justus som sikra undersåttane rettferd, fred og velstand. Men kva...
Published 04/06/21
Magnus Lagabøte gav i 1274 Landslova for det norske veldet og skattlanda, i 1276 ei eiga lovbok for byane, i 1277 (eller kanskje eit anna år på 1270-talet) ei eiga lovbok for kongen si hird, hoffet og administrasjonen, og til slutt ei lovbok for Island i 1281. Dermed fekk alt område som Magnus Lagabøter styrte ny lov. Men kva var Noreg i høgmellomalderen? Kva var relasjonen mellom det norske veldet og skattlanda, kva posisjon hadde Island, kva status hadde den samiske befolkninga, kvifor fekk...
Published 03/30/21
Landslova av 1274 er ei av få riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder, og fekk ei lang levetid og ei større utbreiing enn dei andre. Dette gjer Landslova til eit europeisk storverk. Er det god nok grunn til å markere at det i 2024 er 750 år sidan Landslova vart vedtatt på Frostating? Eller finst det andre grunnar til å trekke fram dette lovverket som ei særleg viktig hending i norsk mellomalderhistorie?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap ved Universitetet...
Published 03/24/21