Det norske riket i høgmellomalderen
Listen now
Description
Magnus Lagabøte gav i 1274 Landslova for det norske veldet og skattlanda, i 1276 ei eiga lovbok for byane, i 1277 (eller kanskje eit anna år på 1270-talet) ei eiga lovbok for kongen si hird, hoffet og administrasjonen, og til slutt ei lovbok for Island i 1281. Dermed fekk alt område som Magnus Lagabøter styrte ny lov. Men kva var Noreg i høgmellomalderen? Kva var relasjonen mellom det norske veldet og skattlanda, kva posisjon hadde Island, kva status hadde den samiske befolkninga, kvifor fekk by og land kvar sine lovbøker, og kva rolle spela hirda i styret av Noreg?   Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Erik Opsahl, professor i historie, NTNU. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
More Episodes
Published 04/10/24
Published 01/23/24