26. Forfattarar på turné: Inger Johanne Sæterbakk og Elin Hansson
Listen now
Description
I ein serie på tre episodar, snakkar eg med forfattarar om å vere på turné med den kulturelle skolesekken, medan vi alle er på turné! I denne episoden vil du få høyre Inger Johanne Sæterbakk fortelje om møtet med sjetteklassingar i heimkommunen sin, om det har gått bra når ho har forsøkt å gjere forfattarbesøk utan genseren ho alltid har pleidd å ha på seg –og om gutane på fremste rad som ikkje ville legge vekk traktorblada sine.  Elin Hansson er på sin aller første turné, med ein spanande ny produksjon som kombinerer hardingfele og opplesing. Korleis har elevane reagert på dette, og korleis er det eigentleg å vere på turné for første gong?  Bøker av Inger Johanne Sæterbakk: Magnhild (skrive saman med Guri Idsø Viken)1000 dagarRundt jorda og tilbakeBøker av Elin Hansson BlyanthjerteAlt som rimer på Gro — Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside: sunnivaberg.no Musikk: Simon Relling Berg Grafisk design: Vidar Flak Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
More Episodes
Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen. Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme...
Published 10/31/24
Published 10/17/24
På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt. Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om...
Published 10/17/24