Episodes
Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen. Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme jenter og gjere suksess. Debuten fekk gode kritikkar og ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris og LOs litteraturpris. Mykje meir enn Monica hadde turt å håpe på. Heilt sidan ho var lita har ho likt ...
Published 10/31/24
På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt. Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om arbeidet som DnF-leiar og kåra for å vere forfattar i dag, kva for viktig gruppe som manglar i leselyststrategien, kvifor normalkontrakta får folk i utlandet til å gispe – og kva forfattar Simon Strange...
Published 10/17/24
Lenge gjorde Ann Helen Kolås Ingebrigtsen alt ho kunne for å skjule plagene sine. Men så måtte ho amputere foten. Like etter operasjonen, byrja ho å skrive på ei ny ungdomsbok. Det har vore den lettaste ho har skrive. Tidlegare har Ann Helen skrive ungdomsbøkene «Sinne» om Synne med ADHD og «Eg blir her» om kjærleik, ferjereiser og fråflytting. Bøkene har fått særs god mottaking. Meldingane trekkjer fram at Ann Helen klarer å skildre både ungdomsliv generelt, og jenter med ADHD spesielt,...
Published 10/03/24
Eirin Andresen Betten skriv om aktuelle tema, og reflekterer rundt korleis teknologien set sitt preg på liva våre. Ho vil at litteraturen skal være engasjert, og gjerne politisk på ulike måtar.Ho jobbar fullt som lektor, frilansar for Klassekampen, Vinduet og Bokvennen litterær avis (BLA), og skriv bøker i tillegg. Korleis får ho tid til alt, og kva driv ho til å halde fram med bokskriving sjølv om det er så dårleg betalt? Denne hausten kjem hennar andre bok: «Det tredje minnet», som av ...
Published 09/26/24
Då Charlotte Riise kom med si første diktsamling, i 2012, laga NRK P3 dokumentar om henne. Tittelen var «Jeg burde sprudle over» og handla om det å debutere som forfattar, i spennet mellom lykkerusen ein forventar rundt debuten og det å leve med depresjon. Sjølv om ho var redd for å bli slakta, fekk ho strålande kritikkar, det gjorde òg diktsamlinga som kom året etter.No har det gått ti år sidan hennar førre bok, og ho har nettopp sendt inn korrektur til ny bok. Korleis har desse ti åra vore?...
Published 09/19/24
Heidi Sævareid er ein kritikarrost og prisløna forfattar, som gjerne vil kjenne på kroppen, det ho skriv om. I si nyaste bok utforskar ho eit destruktivt yogamiljø, gjennom tre vennar som er på roadtrip i USA. Ho starta karriera med ungdomsbøker, men er usikker på om ho vil skrive for ungdom igjen, fordi ho det er forstyrrande at ein heile tida må forsvare kvifor ein skriv ungdomsbøker. Hennar første roman for vaksne, Longyearbyen, fekk svært gode kritikkar og har blitt omsett til m...
Published 06/19/24
I sin nyaste roman, Fallgard, skriv Martin Baldysz om Ingeborg som lengtar ut forbi fallgarden. Ho står på terskelen til vaksenlivet i eit lukka øysamfunn på starten av 60-talet. Trusselen om fråflytting lurar i bakgrunnen, og i Amerika har dei planar om å dra til månen.I denne episoden, som er ei slags forlenging av episode 42, får du høyre meir om Martin sin nyaste roman, korleis det har vore å skrive 22 serieromanar under pseudonymet Karen Støylen og vegen til å bli forfattar. Martin sine ...
Published 05/07/24
Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet. Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen Støylen står han bak 22 bøker i romanserien Brenninger. Høyr meir om korleis froskeinteressa før...
Published 05/07/24
Endre Ruset debuterte som forfattar allereie som 19-åring. Heile livet har han arbeidd med litteratur. Etter mange år i Oslo, flytta han heim til Molde. Sjølv om han hadde mange oppdrag, kjendest det personlege livet tomt. Han var eit uroleg barn, og ingen trudde han skulle bli forfattar på barneskulen. Lenge var det sport som var det viktigaste, men så endra det seg. Høyr han fortelje om dikta som er det einaste heilage han har, om korleis Bjørnsonfestivalen har påverka han og opp...
Published 04/22/24
Marianne Nelvik kjøpte rettane til si eiga bok, og starta sitt eige forlag: Varg forlag. Ho har no gitt ut to Fantasybøker i det som skal bli ein trilogi, og snart kjem første boka ut på engelsk. Ho har nådd ut til mange engasjerte lesarar og andreboka Heltedøden blei kjøpt inn av Kulturrådet, noko som er eit viktig kvalitetsstempel for ei sjølvpublisert bok.
Kva gjorde at ho turte å kjøpe rettane til si eiga bok, kvifor er desse bøkene så viktige for Marianne – og kva har vore det mest...
Published 04/05/24
Bøkene hans er oversatt til mange språk, og i disse dager utgis han i Brasil. Engasjementet hans for litteratur, har også bidratt til at Ålesund har fått sin egen litteraturfestival.
Bøkene til Jon Ståle Ritland:
Øst for verdens ende, lyrikk (Bonnier Norsk Forlag, 2023)Takk for maten, lyrikk (Tiden, 2021)Karbonforbindelser, lyrikk (Tiden, 2019)I bane rundt en gul ball, lyrikk (Olympiastadion, 2014)Vannmerker, lyrikk, Aschehoug (2009)Kroppsvisitasjoner, lyrikk, Aschehoug (2004)Ta gjerne...
Published 03/27/24
For Marit Kaldhol er skrivinga minst like viktig som å ete og gå tur. Då ho var ung, prata ho ikkje så mykje. Skrivinga blei ei sluse for å uttrykke seg. Ho har no vore forfattar i over 40 år. Bak seg har ho ein prislønna forfattarskap. Bøkene hennar er omsett til mange språk og ho er ein forfattar som ikkje er redd for å ta opp vanskelege og viktige tema.
Takk til Møre og Romsdal fylkeskommune for støtte!
Marit Kaldhol sine bøker:
1983: Lattermilde laken (diktsamling)1985: Maria...
Published 03/27/24
Då Ingelin Westeren var i barselpermisjon frå jobben, fekk ho tid til å tenkje. Ho sa til folk at ho heldt på å skrive bok for å forplikte seg sjølv. Sjølve skrivinga var eit overskotsprosjekt, men redigeringsprosessen var verre. Det å faktisk gi ut bok, likte ho ikkje.
Bøker av Ingelin Westeren:
Musikk for folk i trøbbel (Samlaget, 2022)Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post:
[email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
...
Published 04/18/23
Louise Jacobs er performancekunstnar og utdanna innan billedkunst. I 2022 gav ho ut si første bok. Når ho lagar kunst, har ho ingen redaktør. Korleis opplevde ho å samarbeide med ein redaktør når ho skulle skrive si første bok? Kva utfordringar støtte ho på, og kva har ho likt best med å debutere som forfattar?
I episoden snakkar vi òg om skilnadane på kunstarøkonomi og forfattarøkonomi, og gleda ved å sleppe å vere så synleg.
Bøker av Louise Jacobs:
Via Florentin (2022)Ta gjerne...
Published 03/21/23
Nina Borge har gjort suksess med Gamertrilogien. Ho skriv om ungdommar med ulike utfordringar og skildrar spelverda på ein truverdig og spanande måte. Etter å ha bygd opp karriera si i 17 år, valte Nina Borge å seie opp jobben for å fokusere på forfattaryrket.
Bøker av Nina Borge:
League (Ungdomsroman, Gyldendal, 2023)Fumbler (Ungdomsroman, Gyldendal, 2022)Outlaster (Ungdomsroman, Gyldendal, 2021)Utbryterne (Ungdomsroman, Gyldendal, 2020)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post:...
Published 03/06/23
Therese G. Eide starta ein blogg etter å ha fått livet snudd på hovudet, då ho fekk tre barn på 21 månader. Det viste seg at teikningane ho la ut der, gav så mykje resonans i folk at dei ville ha meir. Fleire bøker, utallige teikneseriestriper, julehefter og barnebok har blitt resultatet til no, og fleire skal det bli. Vi snakkar om vegen frå blogg til publisert forfattar, om at familieliv ikkje er eit snevert tema, kva som er viktig for å få barn som leser og Thereses nyaste julehefte:...
Published 12/13/22
Dei har komme med bøker for ungdom frå musikkmiljø. Det er turné og kjendisar. Men der Kirsti Kristoffersens serie Kjendiskjæreste handlar om den første forelskinga og det å vere kjærast med ein kjendis, er grunntonen i Maren Skolems Hva jeg gjorde med pengene mørkare og meir alvorleg. Maren er òg manusforfattar, Kirsti har jobba i managementet til Marcus&Martinus, og no som manager i Gyldendal. Korleis er det eigentleg med trynefaktor i musikkbransjen vs bokbransjen? Korleis jobbar dei...
Published 12/06/22
Eira Søyseth og Carl H. Berge har lenge arbeida med litteratur, med gjendiktning og som journalist. Dei har båe bakgrunn frå litteraturvitskap og Skrivekunstakademiet, og har jobba i mange år med bøkene sine.
Bøkene deira er svært ulike, og i denne episoden får du høyre kva dei liker med å skrive innanfor sin sjanger (poesi/prosa), kva som har vore den vondaste tilbakemeldinga dei har fått og kva dei frykta før boka kom ut.
Bøker av Eira Søyseth:
Farget, flekket nå (2022)Bøker av Carl H....
Published 11/29/22
Nina Grove Hansen er frilansredaktør på fulltid, og jobbar direkte for forfattaren. Ho fortel om problema ho oftest ser i manusa ho får inn, kvifor dette er draumejobben nett no og kva rolla hennar er, når det er forfattaren sjølv som leiger inn tenestene hennar.
Ein lattermild og lærerik samtale med ein redaktør som visstnok er krevjande og krass, men entusiastisk og med ein stor lidenskap for faget sitt.
Bøker av Nina Grove Hansen:
Uleggfrasegbar (2022)Følg Manusdetektiven på...
Published 11/13/22
Birgitte Wærstad bestemte seg for å gi ut si eiga bok, etter å ha fått ein veldig hyggeleg refusjon. For Birgitte blei det viktig å gjere boka god nok. Ho fortel om prosessen både før og etter boka kom ut, redaktørrundar og pilotlesarar, om å tørre å ta plass og tåle ekstremt mange nei.
Ho har fått mange signeringar, solgte ut heile førsteopplaget på fire månader og har store planar for Glimmersvippen og dei kommande bøkene i serien.
Bøker av Birgitte Wærstad:
Glimmersvippen (2022)Følg...
Published 11/08/22
Er det muleg å vite om du skal bli mor? Og er det muleg å vere mamma og forfattar med usikker økonomi?
Kristina Leganger Iversen har skrive boka «Bli mor no?» der ho utforskar dette spørsmålet. Ei bok som er basert på forskning, men òg eigne og personlege erfaringar. Korleis var det å skrive denne boka? Var det innimellom vanskeleg å være ærleg, og kvifor valde ho å skildre svært intime scener?
Kristina har òg fortid frå nettstader som dikt.no, diktkammeret og trafo.no, og vi kjem inn på...
Published 10/25/22
Sidan 2019 har Anders Totland hatt omtrent 300 opptredenar i året. Han har reist overalt i landet og snakka om bøkene sine, nokre gongar i form av ein slags TED-talk andre gongar liknar det meir stand-up. Innimellom har det vore sjonglering, andre gongar song. Han har òg eit opplegg der han speler piano og les heile debutboka si i éi formidling. Men korleis klarer han å sjonglere familieliv og turnéliv? Og kvifor er hans nyaste bok (Til jord skal du bli) skuld i at han ikkje får redusert like...
Published 10/11/22
I denne episoden får du høyre meir om kva som kan gjere turnedagar så intense, om Tyras elleville formidling og om det har blitt noko handståande. Nora Dåsnes har fått si aller ferskaste bok i hendene. La skogen leve har vore på turné før ho kom frå trykken. Nora fortel òg om augneblinken når elevar vurderer kven som har makta.
Dette er del 2 av 3 episodar om å vere på turné, medan både eg (Sunniva Relling Berg) og dei forfattarane eg intervjuer, er på turné, anten med Den kulturelle...
Published 10/08/22
I ein serie på tre episodar, snakkar eg med forfattarar om å vere på turné med den kulturelle skolesekken, medan vi alle er på turné! I denne episoden vil du få høyre Inger Johanne Sæterbakk fortelje om møtet med sjetteklassingar i heimkommunen sin, om det har gått bra når ho har forsøkt å gjere forfattarbesøk utan genseren ho alltid har pleidd å ha på seg –og om gutane på fremste rad som ikkje ville legge vekk traktorblada sine.
Elin Hansson er på sin aller første turné, med ein spanande...
Published 10/05/22