29. Kristina Leganger Iversen: Å skrive personleg sakprosa
Listen now
Description
Er det muleg å vite om du skal bli mor? Og er det muleg å vere mamma og forfattar med usikker økonomi? Kristina Leganger Iversen har skrive boka «Bli mor no?» der ho utforskar dette spørsmålet. Ei bok som er basert på forskning, men òg eigne og personlege erfaringar. Korleis var det å skrive denne boka? Var det innimellom vanskeleg å være ærleg, og kvifor valde ho å skildre svært intime scener? Kristina har òg fortid frå nettstader som dikt.no, diktkammeret og trafo.no, og vi kjem inn på kva desse har hatt å seie for skrivinga hennar. Bøker av Kristina Leganger Iversen: 2011 – Hjartemekanikk – diktroman, Samlaget2015 – I ringane – roman, Samlaget2019 – Bli mor no? – sakprosa, Samlaget— Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside: sunnivaberg.no Musikk: Simon Relling Berg Grafisk design: Vidar Flak Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
More Episodes
Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet. Hilde Myklebust har skrive...
Published 05/07/24
Endre Ruset debuterte som forfattar allereie som 19-åring. Heile livet har han arbeidd med litteratur.  Etter mange år i Oslo, flytta han heim til Molde. Sjølv om han hadde mange oppdrag, kjendest det personlege livet tomt.  Han var eit uroleg barn, og ingen trudde han skulle bli forfattar på...
Published 04/22/24
Published 04/22/24