Episodes
Det var kanskje ikkje tilfeldig at Anne Gunn Halvorsen bestemte seg for å skrive ei bok om kva ungdom er redd for. Gjennom arbeidet, har ho sjølv blitt meir klar over kvifor ho er redd i ulike situasjonar. Ho har skrive fleire bøker, der ho har fått undersøke ting ho sjølv lurer på.  Til slutt i episoden får Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug svare på kva spørsmål dei gjerne skulle fått, kva som har vore den viktigaste endringa i skrivinga deira – og kvifor dei skriv.  Dette er siste...
Published 05/05/22
Dei ville skrive bøker som kunne slukast på same måte som ein tv-serie. Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug har skrive bokserien Halve kongeriket, som snart kjem på Netflix. Dei hata gruppearbeid på skulen, men i dette skrivesamarbeidet treng dei kvarandre og resultatet blir betre. Kva er eigentleg fordelen med å plotte saman? Og kva skjer om den eine vil ha med noko i boka, når den andre ikkje vil? Dei føler dei skriv i motvind, når dei skriv for ungdom og den finaste tilbakemeldinga dei...
Published 05/03/22
Randi Fuglehaug hadde eit ønske om å skrive ein roman for vaksne, men det verka umuleg. Det var eit forslag frå ein kollega som fekk henne til å forsøke på det som har blitt to av tre bøker i Vossa-trilogien om Agnes Tveit. Første boka i serien, var selt til utlandet allereie før ho kom ut. Bøker av Randi Fuglehaug: Tonedød (2022)Fallesjuke (2020)Papelina (2017)Dette er del 1 i ein serie på 3 delar. I neste episode vil du få vite meir om samarbeidet mellom Randi Fuglehaug og Anne Gunn...
Published 04/26/22
I fjor (2021) debuterte Maria Alnæs med ein original roman om eit fiktivt land, ein autoritær stat som har gått til krig mot nabolandet sitt. Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, har romanen hennar blitt skremmande aktuell. Men boka handlar òg om så mykje meir, om eit kongerike og ein tenar, det å bli sett – og oversett, miste motet og få det igjen. Vi snakkar om korleis det var å skrive denne boka, om sensur, ytringsfridom, militæret i Russland og at vi aktivt må jobbe for...
Published 04/01/22
Ulla Svalheim fortel om kva ho var redd for før debutboka hennar, Til troende, kom ut. Korleis det har vore å finne tid til  å skrive. Og kva som overraska henne mest med å lese kritikkar av eigne bøker, og kva erfaringar ho tar med seg vidare i arbeidet som litteraturkritikar. Bøker av Ulla Svalheim: Til troendeBoka eg nemner, som òg handlar om tru, frå 2021: Komposisjoner av lys av Elisabeth Thorsen. — Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside:...
Published 03/22/22
NRK-kritikaren, Thula Kopreitan, skreiv ei setning i ei bokmelding, som fekk fleire til å reagere, blant andre Heidi Sævareid. På Facebook skreiv Heidi: «Barne- og ungdomslitteratur = banalt?  Det synes visst NRK-kritiker». Fleire forfattarar av ungdomsbøker blir møtt med ei liknande tilnærming når dei gir ut bok for vaksne, og kvifor er det sånn? Difor inviterte eg Thula og Heidi til å diskutere kva fordommar vi har om ungdomslitteraturen, og kva som er verdifullt med litteraturkritikk....
Published 03/01/22
Kva skal til for å bli kunstnar, og kva for val må ein ta for å komme seg dit? Tyra Teodora Tronstad skriv om Sigrid, som er i ein økonomisk skvis som hovudforsørgar for mann og barn. I tillegg ønskjer ho å skrive dikt. Tronstad har sjølv kjent på å vere i ein sånn spagat, og vi snakkar om å albue fram plass til å skrive, om forfattarøkonomi og det å ha lite pengar og kva for hobby Tyra har fått, som har gjort at det kjennest som om ho kan leike og vere litt som eit barn att.  Bøker av Tyra...
Published 02/15/22
Korleis kjenst det å få si første bok i hendene? Maren Skolem er debutant, og delte på Instagram at ho hadde fått boka si heim. Eg ville gjerne vite korleis det kjendest der og då, og spurte spontant om ho ville stille til intervju. Det blei ho med på! Høyr korleis prosessen fram til endeleg bok har vore, om utfordringa med å finne ut om det skulle vere ei bok for vaksne eller for ungdom, kva ho har lært av å gå på skriveskule og kvifor ho tviler meir når ho skriv bok enn når ho skriv for...
Published 02/07/22
Under arbeidet med romanenTøyeneffekten, merka Bjarte Breiteig at hans eigen kjærleik til Tøyen stod på spel. Breiteig fortel om skrivearbeidet, korleis det er å vere skrivementor på trafo.no og kva han gjorde då han låg på golvet i leilegheita si, og trudde at han ikkje ville klare å skrive noko meir.  Bøker av Bjarte Breiteig: Fantomsmerter – noveller (1998)Surrogater – noveller (2000)Folk har begynt å banke på – noveller (2006)Île Sainte-Marie – prosa (2013)Mine fem år som far – roman...
Published 02/01/22
Iram Haq er ein prisløna filmskapar, likevel syntest ho det var skummelt å skrive sin første roman. Uelsket var ein av 2021-haustens beste debuter, meinte meldarane. Kva driver Iram Haq til å fortelje historier, i mange ulike format?  Bøker av Iram Haq: Uelsket (2021)Hva vil folk si (2019)Skylappjenta (2009) — Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside: sunnivaberg.no Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Published 01/11/22
Allerede før boka Stargate: En julefortelling hadde nådd butikkane, var boka nominert til Brageprisen. Meldarane har kalla boka for rein julemagi og trilla seksarar. Det er sju år sidan Ingvild H. Rishøi kom med si førre bok, Vinternoveller. Kva har skjedd i desse åra, kvifor enda ho med å skrive ei juleforteljing og kva er hennar forhold til jula? Ho gir konkrete og gode tips til skriveprosessen. På eit tidspunkt er ho i fasen «Makkverk eller mesterverk», i ei anna fase er stovegolvet fullt...
Published 12/15/21
Kva skal til for å  gi ut ei bok? Ein skodespelar, ein akademikar og ein tidlegare stortingspolitikar fortel korleis det har vore å debutere som forfattar. Helle, Eivind og Marianne snakkar om den overraskande kjærleiken til eiga bok, om det å få meldingar og kan ein eigentleg endre verda med litteratur? Du får dessutan deira beste tips for å sjølv komme gjennom nåløyet hos eit forlag! Bøker: «Hver natt dør jeg» av Helle Haugsgjerd«Det stemmer ikke» av Eivind Grip Fjær«Selveiersanger» av...
Published 12/07/21
Korleis finne språket igjen etter ei dramatisk hending? Kathrine Nedrejord opplevde det som heilt nødvendig å skrive etter ei overfallsvoldtekt. I Forvandlinga (2018) skildrar ho tida like etter overfallet. Ti år tidlegare debuterte Nedrejord som forfattar med boka Transitt (2008) og ho har skrive kritikarroste og prisbelønte bøker i fleire sjangrar. I ungdomsbøkene hennar, er handlinga ofte lagt til Finnmark og ho skriv frå innsida av miljø som sjeldan har vore skildra tidlegare. I boka...
Published 11/26/21
Neda Alaei fortel om kvifor ho har valt å skrive for den viktigaste målgruppa, og at det til tider har vore livsviktig å skrive. Neda debuterte med "Dette er ikke oss" som er omsett til dansk og tysk, og boka har vunne fleire prisar. I haust kom ho med romanen "Å fange luft". Korleis er det eigentleg å skrive andreboka, etter at den første blei ein så stor suksess? Neda Alaei blei uteksaminert frå forfatterstudiet ved Norsk barnebokinstitutt i 2017. Ho er òg utdanna barnevernspedagog, og...
Published 11/16/21
I meldingar av bøkene til Marit Eikemo, står det ofte at ho tar «samtida på kornet». Det er lett å kjenne seg att, på godt og vondt. Når Eikemo kjem med ny roman er det mange som har forventningar. Denne hausten er ho aktuell med ein roman om fellesskapet vi alle har rundt oss, av profesjonelle hjelparar som legen, banken, psykologen, snikkaren og den personlege trenaren. Det er desse som har ordet etter tur i romanen «Team Tuva», og vi får innblikk i kven Tuva er, samtidig som vi blir kjent...
Published 10/29/21
Kaja Kvernbakken har gått inn i kroppen til Elly. Elly er ein fotograf som mister synet i ei dramatisk ulykke. Korleis skrive frå innsida av nokon som blir blind, når du sjølv kan sjå? Kaja held skrivekurs og har oppretta skrivefellesskapet Skriveriet. Ho snakkar om kvifor det aldri er for tidleg – eller for seint – å følgje draumen sin, og vegen fram til ho sjølv blei ein publisert forfattar.  Bøker av Kaja Kvernbakken: Lukta av klor (2019)Motlys (2021)Følg Kaja Kvernbakken på...
Published 10/13/21
Nyleg kom Nils-Øivind Haagensen med romanen Sangria i parken, som gir eit nytt perspektiv til MeToo-debatten. Sidan debuten Hender og hukommelse i 1998 har han gitt ut over 20 bøker, vunne prisar og vore nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han er òg forleggar ved Flamme forlag og har unik erfaring innanfor litteraturfeltet. Haagensen kjem frå Ålesund, og fortel korleis det var å vekse opp i arbeiderklassen i Steinvågen og låne med seg så mange bøker han kunne bere frå biblioteket. ...
Published 09/23/21
Nora Dåsnes er ein spanande ny forfattar, som debuterte våren 2020 og som allereie har vunne prisar, blitt kritikarrost og omsett til fleire språk. Korleis har ho klart å utgi 13 bøker på 15 månader? Dette og mykje anna snakkar vi om i første episode av Skrivesnakk.  Bøker av Nora Dåsnes: Ti kniver i hjertetGjenklang Vesle vil også bakeUbesvart anropFølg Nora på Instagram Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside: sunnivaberg.no Abonner, gi stjernekast...
Published 08/30/21
Her får du høyre kva Skrivesnakk er, kven som vil vere første gjest og kvifor eg har starta denne podcasten. Abonner og følg med utover hausten for skrivesnakk med nye og spanande forfattarar! Tips meg gjerne om forfattarar du vil høyre, eller kom med andre innspel: Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside: sunnivaberg.no
Published 08/13/21