18. Anne Gunn Halvorsen: Om frykt og korleis leve livet
Description
Det var kanskje ikkje tilfeldig at Anne Gunn Halvorsen bestemte seg for å skrive ei bok om kva ungdom er redd for. Gjennom arbeidet, har ho sjølv blitt meir klar over kvifor ho er redd i ulike situasjonar. Ho har skrive fleire bøker, der ho har fått undersøke ting ho sjølv lurer på.
Til slutt i episoden får Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug svare på kva spørsmål dei gjerne skulle fått, kva som har vore den viktigaste endringa i skrivinga deira – og kvifor dei skriv.
Dette er siste del av samtalen med Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen.
Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen. Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme...
Published 10/31/24
På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt. Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om...
Published 10/17/24