Description
Den 30.–31. august blir det framført eit heilt nytt teaterstykke i Moahagen på Fitjar.
Stykket har fått namnet "Håkon den gode kongen" og det er med både profesjonelle og lokale amatørskodespelarar.
- Vi har allereie bestilt godt ver, og vi har vald ein spelplass som vi veit kan vere lun og god sjølv om det kan vere litt vind. Dette blir ei strålande oppleving uansett ver, seier Bjørn Haaland til Sunnhordlandpodden.
Stykket vil fenge både Fitjarbuen og tilreisande, garanterer Haaland.
Christer Stewart Aarbø har vore med å skrive manus, og han fortel i podkasten om ein grundig prosess der han har dykka langt ned i alt som finst av kjelder til historia om Håkon den gode. Både kjende verk som Snorre, men og mindre kjende skrifter som Gesta Danorum, skrive av Saxo Grammaticus, ein dansk historikar.
- Dette er ei unik moglegheit til å oppleve historia, med spennande forteljingar om Håkon den Gode, slaget på Fitjar og hans viktige bidrag til kristninga og lovgjevinga i Noreg.
Sponsor: Fitjar Kraftlag - https://www.fitjar-kraftlag.no
Fitjar Kraftlag – din lokale leverandør av straum, breiband og elbilladar.
Fitjar Kraftlag bidrar også til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, forerningar og arrangement i Fitjar.
---
Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
I denne episoden møter vi Hanne Barane, som etter mange år valgte å satse på drømmen som fotograf. Ho deler historia om korleis ein barndomsdraume blei lagt vekk og kvifor ho til slutt tok sjansen i vaksen alder etter ein dramatisk fødselsoppleving.
Samtalen gir innsikt i både dei tøffe vala...
Published 11/11/24
Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet Forlist, som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk...
Published 11/07/24