Episodes
I denne episoden møter vi Hanne Barane, som etter mange år valgte å satse på drømmen som fotograf. Ho deler historia om korleis ein barndomsdraume blei lagt vekk og kvifor ho til slutt tok sjansen i vaksen alder etter ein dramatisk fødselsoppleving.
Samtalen gir innsikt i både dei tøffe vala Hanne måtte ta, og kvardagen hennar som småbarnsmor og fotograf på Stord.
Hanne fortel om både gleder og utfordringar i livet som kreativ frilanser, og korleis ho held balansen mellom familielivet og...
Published 11/11/24
Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet Forlist, som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk og lange reise innan musikken, frå hard rock til visesong, har Roger mange historiar å dele. Vi snakkar om musikalsk inspirasjon, tapte netter med mixing, og korleis det kjennast å gjere noko så...
Published 11/07/24
I denne episoden av Sunnhordlandpodden får me eit unikt innblikk i livet til Johannes Sandvik Bø, ein lovande løpar frå Fitjar. Berre 18 år gammal har Johannes allereie sikra seg gull i NM og plass på U20-landslaget.
Me snakkar om karrieren hans, som starta tidleg, og utfordringane han møter som mellom- og langdistanseløpar. Johannes deler erfaringar frå internasjonale stemne som junior-VM i Peru og om korleis han balanserer trening med skulekvardagen på Stord VGS.
Han fortel om...
Published 11/04/24
Ei dramatisk hending endra livskursen til Hildegunn Gram, men då ei dør lukka seg, opna ei anna dør seg. Høyr om korleis det var å vere den første kvinnelege feiaren i brannvesenet på Stord. Det har vore både utfordringar og gleder i jobben.
Hildegunn deler også viktig informasjon om brannsikring, utstyr du bør ha på plass, og ting du bør tenkje på for å førebygge brann.
Sponsor: multiSAFE
multiSAFE har alt innan brannsikring på ein stad, for bedrifter og privatpersonar.
Brannsikring,...
Published 10/28/24
I denne livepodkasten frå Bømlakonferansen 2024 møter du Åge Grutle – ein mann med omfattande internasjonal erfaring og eit unikt perspektiv på både diplomati og kongehusliv.
Åge har hatt ein yrkeskarriere utanom det vanlege, med stillingar som ambassadør, hoffsjef og leiar innan norsk utanriksteneste.
Han deler historier frå oppveksten, dei første stega utanfor Noreg, og ei yrkesreise prega av kulturforståing, lyttarkunst og viktige avgjerder i diplomatiske samanhengar.
Lytt og bli med...
Published 10/25/24
Sandra Linnèa Lindwall deler om opplevinga si i The Voice, musikkprosjekt ho jobbar med, og draumane sine for framtida. Ho fortel også om korleis det var å flytte heim til Stord, forlovinga og kjøpet av hus. Du får høyre om korleis det påverka henne å miste faren i ung alder.
Snart kjem det ny musikk frå Sandra, så det er verdt å følgje ho på Instagram eller Facebook
Sponsor: Stord Dekkservice
Stord Dekkservice – Sunnhordlands største aktør på dekk og felg.
Eg var sjølv innom Stord...
Published 10/21/24
Galleri Giga feirar 25 år med ny inngang og oppdatert profil!
I denne episoden av Sunnhordlandpodden snakkar vi med dagleg leiar Nina Louise Langland om det hektiske innspurten fram mot opninga av dei nye lokala i Bytunet på Stord.
Dette blir markert fredag 18. oktober mellom 14:00 og 17:00!
Nina deler historier frå galleriets oppstart, korleis ho tok over i 2018, og gleda ved å representere 150 ulike kunstnarar.
Me får høyra om utfordringane og gleda ved å driva eit nisjegalleri,...
Published 10/17/24
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Jakob Særsten, konsernsjef i LOS Gruppen – eit selskap som har vokse frå eit lite elektrikerselskap til ein stor totalleverandør innan elektroinstallasjon, skipsservice og maskinering.
Jakob deler si fascinerande reise frå barndommen på Bømlo til oppstarten av LOS i 1983, og korleis dei har bygd eit konsern med over 500 tilsette.
Vi får høyre om utfordringane han har møtt på vegen, og hans brennande engasjement for lærlingar og...
Published 10/14/24
Kunstnaren Aleksander Isdal Günther og fotografen Tor Harald Rysjedal brenn for å bruke kunsten som eit uttrykk for følelsesmessige utfordringar. Dei deler sine erfaringar med å kombinere foto og måleri for å skape sterk visuell kunst som belyser mentale helseutfordringar. Samtalen er innom tema som pillemisbruk, psykologbesøk, einsemd, og viktigheita av open samtale om vanskelege kjensler.
Dei fortel og om eit nytt kunstverk - "Darkes hour". For meir info om dette kan du følge med på...
Published 10/10/24
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Nina Maria Seljestad Bache, som deler si sterke historie om korleis ho har overkomme store utfordringar i livet, både psykisk og fysisk.
Ho har vore gjennom tøffe periodar med angst, sjølvskading, og ein lang prosess etter å ha blitt utsett for overgrep som tenåring.
Nina Maria fortel ærleg om korleis ho har funne vegen ut av mørket, med støtte frå relasjonar, helsevesenet og ikkje minst sin eigen styrke.
No er ho på veg til å oppfylle...
Published 10/07/24
Aarvik gard er eit unikt reisemål som ligg i Fusa. Der kan du sove på handlaga madrasser, spise økologisk mat, og rett og slett senke skuldrene skikkeleg. I denne episoden deler Ranjeeta og Sveinung Aarvik kvifor dei ønskjer å bruke garden på denne måten, og om motivasjonen og draumane dei har for framtida. Du får høyre om urkorn, matproduksjon, utfordringar, hektiske dagar og verdien av ein møteplass. Og du får gode tips dersom du sjølv går med ein draum om å starte eit liknande...
Published 09/30/24
I sommar sa Anita Kehr opp jobben i Stord kommune og satsar for fullt på prosjektet «Skogens ro». I denne episoden får du bli betre kjend med Anita og den reisa ho er på. Du får høyra om meistringskjensle, kalde bad, yoga, helse, og feriar som ikkje heilt går som planlagt. Pluss mykje meir.
Sponsor: Grete Roede
Grete Roede har vore marknadsleiande i Noreg innan kosthald og livsstil i heile 50 år, og hjelper kvart år mange tusen nordmenn med å gå ned i vekt. På kurs hjå dei lærer du kva du...
Published 09/23/24
I denne episoden får du møte Pablo Barrera, konsernsjef i Haugaland Kraft sidan hausten 2022. Han vart kåra til årets leiertalent og er eit av få norske medlemmar i det prestisjetunge forumet «Young Global Leaders». Pablo deler sine tankar om livet som toppleiar, samfunnsansvar og kva som skjer i Haugaland Kraft framover. I tillegg får du høyra om hans personlege reise, inkludert bryllaup og viktige erfaringar. Lytt til ein spennande samtale om leiarskap, framtidsplanar og samfunnsbygging!...
Published 09/16/24
WHO estimerer at over 700 000 menneske tek sitt eige liv kvart år. For kvart sjølvmord er det truleg rundt 20 andre som anten har prøvd å ta livet sitt eller har alvorlege sjølvmordstankar. Globalt er det fleire som døyr av sjølvmord enn av drap og krig til saman. Sjølvmord er også den fjerde vanlegaste dødsårsaka blant menneske mellom 15 og 29 år.
Ei som arbeider med å førebygge sjølvmord er Ida Lindstrøm Dahl. I denne episoden får du høyre korleis ho blei interessert i tematikken, og...
Published 09/12/24
I denne episoden blir du betre kjend med ordføraren i Kvinnherad, Vegard Bjørnevik. Høyr om korleis han kom inn i politikken, korleis det er å balansere rolla som småbarnsfar og ordførar, diskusjonar rundt kontraurbanisering, og kvifor han meiner at fleire bør flytte til Kvinnherad, samt mykje meir.
Sponsor: Hydro Husnes!
Ingenting er mulig på Husnes.
Ingen CO -utslepp innan 2050 er faktisk mogleg. På Husnes satser Hydro på avanserte aluminiumsprodukt som reduserer både vekt og...
Published 09/09/24
I denne episoden deler Knut Rage si innsikt i Tysnes si spennande fortid, fortel om bakgrunnen sin frå pocketbokbransjen og arbeidet sitt som lokalhistorikar. Knut er oppteken av å gjere historie relevant for dagens samfunn. Han brukar både tradisjonelle medium og moderne plattformer som Facebook og wikiar for å nå ut til eit breitt publikum.
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor...
Published 09/02/24
I denne episoden tar eg ein prat med Marie Oma Leikvoll, som starta føretaket Oma Design i morspermisjonen i 2020.
Det er no fire år sidan, og i denne episoden får du bli litt betre kjent med ho og høyre fleire historier, blant anna om då ho var på ein tre vekers fototur til Afrika. Om korleis fødsel og bryllaup vart prega av Covid-19, om draumar for framtida og livet i Kvinnherad.
Ønskjer du å sjå glimt av nokre av bileta ho har tatt, kan du sjekke ut Instagram-profilen @omadesign.no...
Published 08/26/24
«Som journalist er han ei Duracell-kanin som jaktar på nyheiter heile døgnet.» er attesten frå redaktøren i avisa Sunnhordland. Jonas Tislevoll har formidla sterke historier både i lokalavisa og andre medium. Han er aktuell med fotoutstilling, og han har sjølv ei historie litt utanom det vanlege. I denne episoden får du høyre den sterke forteljinga om korleis det var å leite etter, og endeleg møte, si biologiske mor.Du får også høyre om korleis bileta frå reisa har vunne prisar og stipend, og...
Published 08/19/24
Tonje Hardersen er festival- og programsjef ved Den norske filmfestivalen i Haugesund. I denne episoden deler ho litt om årets program på filmfestivalen, oppgradering av kinosalar på Edda og utdeling av Amandaprisen.
Vi mimrar også litt tilbake til koronatida og korleis den prega festivalen.
Dette er ein episode litt utanom det vanlege her i Sunnhordlandpodden, men satsar på at det er greit.
Har du tenkt deg på festival? Gje eit hint til
[email protected], så kanskje me kan ta ein...
Published 08/15/24
I denne episoden møter me Svein Aase og Lene Norheim Håland, duoen bak Instagram-kontoen Hiketowest. Dei deler sine tankar om korleis dei har lukkast på Instagram, gir deg inspirasjon til friluftsliv, og fortel om korleis dei bruker sosiale medium til å inspirere andre til å utforske naturen. Høyr deira beste tips for å kombinere hobby, arbeid og digital synlegheit. Dette er ein episode for deg som er glad i naturen, og som vil lære meir om å byggje eit engasjert følgjarskap på Instagram.
Published 08/12/24
Som politikar er ho kunnskapsrik, innsiktsfull og god til å snakka både til hjarta og hjernen. Eit stort politisk talent, rett og slett – det er skussmålet Inger Christin Hystad Barane får av meir erfarne politikarar.
Hausten 2023 kom ho inn i kommunestyret på Stord, så vidt me veit som den yngste kvinnelege representanten gjennom tidene.
I denne episoden får du bli litt betre kjent med Inger Christin og korleis det er å vere engasjert i politikken.
Published 08/08/24
Kva er gode grunnar til at fleire unge bør engasjere seg politisk? Og korleis er livet som ung politikar? I denne episoden deler Fredrik Mettälä kvifor han håpar at mange unge tek steget inn i politikken. Han fortel også om kva som kan vere utfordrande som ung politikar.
Published 08/04/24
I første omgang levde Mathilde Junge eit krevjande liv, prega av rus og vonde opplevingar. Men livet snudde, fleire gongar. I dag, i andre omgang, er Mathilde gründer av eige firma og jobbar som virtuell assistent. Kva inneber det, og korleis har livet vore på godt og vondt? Det får du høyre om i denne episoden.
Published 07/29/24
Korleis er det å bu i ein bil eller i ein båt? Fungerer det for ein familie på fire? Det får du høyre om i denne episoden der Lisa Landvik Berge er gjest.
Ho har god erfaring med å bu i ein bil og har nyleg flytta inn i ein båt. Korleis pregar det familieliv og gründerliv?
Du får også høyre om:
Utforming av visuell profil til Moster 2024
Oppstart av eige firma
Reisetips
Vanlife
Og mykje meir.
Published 07/22/24