Episodes
Einar Almås er assisterande banksjef i Sparebanken Vest. I denne episoden deler han av si innsikt om lokalt næringsliv i Sunnhordland og verdiskaping.
Du får høyra om korleis det er å jobba i Sparebanken Vest og om visjonen om å gjera livet betre for vestlendingane, både gjennom økonomisk rådgjeving og ved å ta samfunnsansvar.
Overskotet til Sparebanken Vest skal komme Vestlandet til gode. Høyr om korleis du kan søke om ulike midlar gjennom Sparebanken Vest sin søknadsportal.
Sjekk ut:...
Published 07/15/24
Lovise Dalland og Rebekka Rabben Restad er litt over snittet interesserte i fargar og korleis fargar påverkar oss.
Dei kan hjelpe deg med å skape unike og inspirerande interiørdesignløysingar som gjenspeglar stilen og personligheita di.
Kva er det som får to damer på Tysnes til å ta steget inn i gründerlivet, og korleis påverkar fargar atmosfæren og kjensla i eit rom? Dette og mykje meir får du høyre om i denne episoden.
Sjekk ut:
https://lrfargestudio.no
...
Published 07/08/24
Alejandro Gómez Villanueva startar opp Stord Lydskule. I denne episoden får du høyre meir om dette prosjektet, kven det er for og korleis det vil sjå ut i praksis. Stord Lydskule passar for både unge og vaksne. Går du med ein draum om å bli den «neste Kygo»? Då bør du i alle fall lytte til denne episoden.
Sjekk ut: https://www.stordlydskule.no
Stord Lydskule på Facebook og Instagram
Published 07/01/24
Torstein Hatlevik fortel om historia til Haaheim Gaard og korleis han har bygd stein på stein for å utvikle denne destinasjonen i Sunnhordland. Han deler sine beste tips og strategiar for å lukkast i reiselivet.
Sjekk ut: https://www.haaheimgaard.no
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - https://www.visittysnes.no
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den...
Published 06/24/24
Det har vore nokre tøffe år for Tysnesfest, men no er det igjen klart for festival den 11.-14. juli. I denne episoden får du høyre litt om kva som står på programmet, vegen dei har gått dei siste åra, og du blir litt betre kjend med han som er dagleg leiar for Tysnesfest – Øystein Vaage.
Sjekk ut: https://tysnesfest.no
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - https://www.visittysnes.no
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei...
Published 06/20/24
I over 20 år har Anne Britt Ottesen gitt kvinner og menn eit etterlengta friminutt i kvardagen på Velværetunet. Ho er ekspert på hud og makeup og har undervist om helse og kosthald. Ja, ho er rett og slett godt over snittet interessert i kva som påverkar huda og helsa vår.
I denne episoden får du høyre om den dramatiske hendinga som førte til at Anne Britt tok steget og starta for seg sjølv.
Du får gode tips om ting ho har lært etter over 20 år som gründer, og du får nyttige tankar om...
Published 06/17/24
Kva er det som får ein familie til å flytte frå Sunnhordland til Ringebu (sjølv om heimen alltid vil vere Almås på Stord)?
Korleis er livet med sånn ca. 12 hundar?
Kva kan du oppleve på Skotten Seter - Bed & Husky?
Dette og mykje meir får du eit innblikk i om du lyttar til denne episoden med Hans-Petter og Tuva Almås.
Har du vurdert å følgje draumen?
Lytt og bli inspirert!
Sponsor: B3 Helse - https://www.b3helse.no
Hos B3 Helse på Heiane kan du få hjelp av fysioterapeut...
Published 06/10/24
Ordførar Sigbjørn Framnes fortel om korleis livet har vore i lokalpolitikken på Stord den siste tida. Han svarar på spørsmål som lyttarar har sendt inn om saka om skulestrukturen på Stord.
Seminaret med KS-konsulent Håvard Moe som blir omtalt i episoden ser du her: https://www.youtube.com/watch?v=dIuaRU-5zxs
---
Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Published 06/06/24
Den 30.–31. august blir det framført eit heilt nytt teaterstykke i Moahagen på Fitjar.
Stykket har fått namnet "Håkon den gode kongen" og det er med både profesjonelle og lokale amatørskodespelarar.
- Vi har allereie bestilt godt ver, og vi har vald ein spelplass som vi veit kan vere lun og god sjølv om det kan vere litt vind. Dette blir ei strålande oppleving uansett ver, seier Bjørn Haaland til Sunnhordlandpodden.
Stykket vil fenge både Fitjarbuen og tilreisande, garanterer...
Published 06/03/24
I denne episoden av Sunnhordlandpodden har me besøk av eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes. Me dykker ned i bustadmarknaden i Sunnhordland, deler nyttige tips for deg som skal selje eller kjøpe bustad, og gjev råd om korleis du vel den rette eigedomsmeklaren. Ver med og lær korleis du kan få mest ut av bustadhandelen din! 🏡✨
Sponsor: Byrået - https://www.byraet.no
Med røter tilbake til 1986 er Byrået spesialistar innan design og profilering.
I tillegg til idé og...
Published 05/27/24
Solveig Meyer Eide fortel om avgjerda om å legge ned butikken Vevnad. Du får historia om korleis dei fire siste åra har vore, om oppturar og nedturar.
Høyr om garnglede, formidling av handverk, lokalt vevmiljø, nisjenettverket, fargar, kreativ boltring, Makalaus Ull, og gode møte med fantastiske menneske, og om kva Solveig no skal finne på.
---
Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Published 05/22/24
Kjell Fylkesnes kunne ha tatt livet med ro og kost seg med flotte bilar og lange båtturar. Men han har sett i gang med eit spanande nytt gründerprosjekt.
I denne episoden får du høyre om historia til Kjell, om Fylkesnes Bil, skredfare og kvifor han starta opp selskapet Bypass og jakta på ei framtidsretta løysing for skredsikring.
Sjekk ut: https://www.bypass.no
Vil din bedrift bli sponsor for Sunnhordlandpodden?
Ta kontakt -
[email protected]
---
Send in a voice message:...
Published 05/20/24
Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl har ein lidenskap for design og profilering som er over gjennomsnittet. Sidan 2016 har dei vore på ein spennande reise som gründerar, og hausten 2022 slo dei seg saman med Profilera og skapte design- og profileringsbyrået Skag Profilera.
I denne episoden får du bli betre kjent med Silvia og Anne Grethe, og du vil høyra om både oppturar og nedturar i gründerlivet deira.
Sjekk ut: https://www.skagprofilera.no
Sponsor: Stord Hotell -...
Published 05/13/24
Det nærmar seg Jubileumsveka på Moster 28. mai – 2. juni 2024. Det er mykje spennande som står på programmet! I denne episoden er Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen med og fortel om kva dei ser mest fram til og korleis dette skal bli ei fantastisk oppleving for alle som kjem til Moster.
Du blir også litt betre kjend med Vilde og Jenny, som kan fortelje om alt frå kjøp av Bedehus, DJ-jobb i Los Angeles, bowling på høgt nivå og kunst i ein dusj.
Takk til sponsor: Aker Solutions...
Published 05/06/24
Erika Nygård Ormseth hadde ein draum om ein klesbutikk som var raus, ekte og fin. Det var starten på gründerlivet og oppstarten av Nobel. No har dei lagt bak seg 5 år med drift, og Erika deler om oppturar og utfordringar. Om moter som endrar seg og om dramatikken då søstera Hedda opplevde akutt hjertesvikt.
---
Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Published 04/29/24
I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møta Tamar Dankarian og Odd Ivar Vik. Dei fortel om Jakarian-familien si flukt frå Syria og deira reise til Noreg.
Du vil høyra om korleis livet var i Syria før 2011 og den dramatiske endringa som skjedde då. Tamar deler historia om korleis dei måtte forlate heimlandet sitt på ein dramatisk måte og korleis det var å kome til Noreg.
Odd Ivar Vik fortel om møtet sitt med Jakarian-familien og kva dei har betydd for Bømlo. Og ikkje minst, du får...
Published 04/26/24
I februar 2024 gjekk Vidar Hope inn i ein av dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet, nemleg som ansvarleg redaktør for avisa Sunnhordland.
I denne episoden skal du få bli litt betre kjent med mannen bak avisa. Vidar deler om reisa han har vore på, ulike kulturprosjekt han har vore med på å dra i gang som Størjevikfestivalen, Bocciafest og Olsen & Jensens viseklubb.
Livet byr på opp- og nedturar. Vidar fortel om utdrikningslag og avskjedskonsert, erfaringar med sjukdom og...
Published 04/22/24
Silje Vatne Ersland fortel om korleis det går med Kattnakken, om oppturar og utfordringar. Korleis er det å kombinere gründerliv og mammarollen? Korleis prega pandemien sal av regntøy? Og kor går vegen vidare for Kattnakken?
Styreleiar for Kattnakken, Tor-Olav Sunde, er og med i episoden og fortel om si rolle i Kattnakken.
Akkurat no er Kattnakken på jakt etter ein ny dagleg leiar.
Vil du vidareutvikle ei av Noregs leiande merkevarear innan regntøy?
Då er kanskje denne jobben noko for...
Published 04/19/24
Jógvan Brimheim Gunnarsson har reist frå bygda på Bømlo via BI i Bergen, til Oslo. Han har stått på standup-scener og imponert med imitasjon av blant anna Åge Hareide og Morten Harket. I dag brenn han for gode kundereiser og velferdsteknologi.
Høyr om reisa hans, og du får garantert ein god latter.
Sponsor: Norwegian Mooring - https://www.normoor.no/
Norwegian Mooring tilbyr inspeksjonstenester innan olje og gass med særleg fokus på forankringsutstyr over heile verda.
Norwegian...
Published 04/15/24
I denne episoden deler Marte Rykkje Halstensen ærleg om livet med endometriose.
Men me pratar òg om bryllup, draumen om høns og sjølvdyrking.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno.
---
Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Published 04/12/24
Nashmia Sandbugt fortel om si reise gjennom livet, utfordringar og erfaringar. Ho deler korleis død, sjukdom og smerte har endra henne, men òg korleis det har gjeve inspirasjon til poesi og musikk. Nashmia fortel om verdien av å tenke positivt og ikkje la jantelova bestemme.
Nashmia gav ut ein ny song i januar, "Mountains".
Lytt til sangen Mountains her - https://open.spotify.com/track/74TMsCpapooYoLcJdHNbYd?si=2cda402071eb4a3e
Sjekk ut:
https://www.instagram.com/paautpust/
...
Published 04/08/24
Ingvild Brekke Myhre har påteke seg eit viktig oppdrag, ho skal leie Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering. I denne episoden får du høyre litt om historien til Ingvild, vegen til å bli lærar og kvifor det er viktig å få fleire inn i læreryrket.
Sjekk ut:
https://burdebli.no/
https://laererenmin.no/
Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Nasjonalt prosjekt for lærerrekruttering. Prosjektet er finansiert av Kunnskapsdepartementet og...
Published 04/01/24
Hilde Susann Hystad Aadland er e-helse konsulent i Stord kommune.
Velferdsteknologi handlar om å gi personar med eit hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eigenhand.
Fleire vil trenge tenester frå kommunen i tida som kjem, og me vil mangle arbeidskraft i helse- og omsorgstenesta. Me må tenkje alternativt til dagens måte å gje helsetenester på, og meir bruk av velferdsteknologi er eit av verkemidla.
Les meir på: Velferdsteknologi -...
Published 03/25/24
Talentsenter i realfag er en sosial og realfaglig møteplass for barn og unge med stort læringspotensial. Fra høsten 2024 starter VilVite opp en satellitt av Talentsenter i realfag i regionen Sunnhordland, i lokalene til HVL på Rommetveit.
Kai og Lisa ønsker å samarbeid med skolene, lærerne, foresatte og lokalt næringsliv for å få dette prosjektet til å bli best mulig.
Elever med stort læringspotensial trenger en møteplass der de kan bli utfordret faglig og ikke minst bli kjent med andre...
Published 03/18/24
Inga Pedersen Totland frå Bømlo har fått drømmejobben for Sportsklubben Brann. I denne episoden får du høyra om vegen fram til jobben som Innholdsansvarleg for Brann og kva det inneber.
Inga fortel òg om si fotballkarriere, studier på Hawai og korleis det er å svømme med delfinar.
Du får høyra om Kvinnefotball og Jenter vil meir-kampanjen.
Sponsor: OneSource - https://onesource.as/
---
Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Published 03/11/24