Anne Britt Ottesen - om Velværetunet, Gründerskap
Listen now
Description
I over 20 år har Anne Britt Ottesen gitt kvinner og menn eit etterlengta friminutt i kvardagen på Velværetunet. Ho er ekspert på hud og makeup og har undervist om helse og kosthald. Ja, ho er rett og slett godt over snittet interessert i kva som påverkar huda og helsa vår. I denne episoden får du høyre om den dramatiske hendinga som førte til at Anne Britt tok steget og starta for seg sjølv. Du får gode tips om ting ho har lært etter over 20 år som gründer, og du får nyttige tankar om korleis vi best kan ta vare på huda vår. Pluss mykje meir! NB: Velværetunet har to kundekveldar i året. Der tar ein opp aktuelle tema som til dømes kvinnehelse. Sjekk ut: https://www.velveretunet.no Sponsor: SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner Din lokale rekneskapsførar finn du sjølvsagt hos SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner. Med engasjement for lokale bedrifter, landbruk, næringsliv og samfunn har du kjent dei som Tveit Rekneskap. Og det engasjementet forsvinn aldri. Det lever vidare, berre i ny drakt. Som SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner skal dei hjelpe lokale bedrifter med å lukkast. SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner er der du er. Dei har kontor på Bømlo, Fitjar, Husnes, Rosendal og Heiane på Stord.
More Episodes
I denne episoden møter vi Hanne Barane, som etter mange år valgte å satse på drømmen som fotograf. Ho deler historia om korleis ein barndomsdraume blei lagt vekk og kvifor ho til slutt tok sjansen i vaksen alder etter ein dramatisk fødselsoppleving. Samtalen gir innsikt i både dei tøffe vala...
Published 11/11/24
Published 11/11/24
Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet Forlist, som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk...
Published 11/07/24