Lovise Dalland og Rebekka Rabben Restad – om LR Fargestudio, Interiørrettleiing, Fargepsykologi og Gründerliv
Description
Lovise Dalland og Rebekka Rabben Restad er litt over snittet interesserte i fargar og korleis fargar påverkar oss.
Dei kan hjelpe deg med å skape unike og inspirerande interiørdesignløysingar som gjenspeglar stilen og personligheita di.
Kva er det som får to damer på Tysnes til å ta steget inn i gründerlivet, og korleis påverkar fargar atmosfæren og kjensla i eit rom? Dette og mykje meir får du høyre om i denne episoden.
Sjekk ut:
https://lrfargestudio.no
https://www.facebook.com/lrfargestudio
https://www.instagram.com/lrfargestudio/
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - https://www.visittysnes.no
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.
Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida visittysnes.no finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.
I denne episoden møter vi Hanne Barane, som etter mange år valgte å satse på drømmen som fotograf. Ho deler historia om korleis ein barndomsdraume blei lagt vekk og kvifor ho til slutt tok sjansen i vaksen alder etter ein dramatisk fødselsoppleving.
Samtalen gir innsikt i både dei tøffe vala...
Published 11/11/24
Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet Forlist, som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk...
Published 11/07/24