Hildegunn Gram – om Livet, Tilfeldigheiter, Brannsikring og Jobben i Brannvesenet
Description
Ei dramatisk hending endra livskursen til Hildegunn Gram, men då ei dør lukka seg, opna ei anna dør seg. Høyr om korleis det var å vere den første kvinnelege feiaren i brannvesenet på Stord. Det har vore både utfordringar og gleder i jobben.
Hildegunn deler også viktig informasjon om brannsikring, utstyr du bør ha på plass, og ting du bør tenkje på for å førebygge brann.
Sponsor: multiSAFE
multiSAFE har alt innan brannsikring på ein stad, for bedrifter og privatpersonar.
Brannsikring, fallsikring, redningsdrakter, redningsflåtar, kurs og opplæring.
multiSAFE tilbyr periodisk kontroll og service av alle typar handsløkkarar og brannslangar, og faste sløkkeanlegg i skip, forflåtar og offshoreinstallasjonar.
multiSAFE har kontor og verkstad i Hollundsdalen på Bømlo, der private og bedrifter er velkomne innom for å få kontrollert brannsløkkaren, redningsdrakta, redningsflåten og fallsikringsutstyret. Eller for å kjøpe nye brannsløkkarar.
multiSAFE lagerfører også redningsdrakter, redningsvestar, varmedressar med flyteelement og brannstigar.
Ta kontakt med karane i multiSAFE for ein prat dersom du er i tvil om kva du treng av brannsikringsutstyr til huset, hytta, båten eller på jobb.
Sjekk ut https://msafe.no for meir info.
Stor takk til multiSAFE for at de ville sponse denne episoden.
I denne episoden møter vi Hanne Barane, som etter mange år valgte å satse på drømmen som fotograf. Ho deler historia om korleis ein barndomsdraume blei lagt vekk og kvifor ho til slutt tok sjansen i vaksen alder etter ein dramatisk fødselsoppleving.
Samtalen gir innsikt i både dei tøffe vala...
Published 11/11/24
Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet Forlist, som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk...
Published 11/07/24