Johannes Sandvik Bø - Gull, Mål og Motivasjon: Møt løpetalentet frå Fitjar!
Listen now
Description
I denne episoden av Sunnhordlandpodden får me eit unikt innblikk i livet til Johannes Sandvik Bø, ein lovande løpar frå Fitjar. Berre 18 år gammal har Johannes allereie sikra seg gull i NM og plass på U20-landslaget. Me snakkar om karrieren hans, som starta tidleg, og utfordringane han møter som mellom- og langdistanseløpar. Johannes deler erfaringar frå internasjonale stemne som junior-VM i Peru og om korleis han balanserer trening med skulekvardagen på Stord VGS. Han fortel om motivasjonen, kvardagsrutinane og måla framover. Lytt til ein inspirerande prat om ambisjonar, ståpåvilje og gleda ved å meistre idretten! Støttespelar: Fitjar Kraftlag Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk! Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.
More Episodes
I denne episoden møter vi Hanne Barane, som etter mange år valgte å satse på drømmen som fotograf. Ho deler historia om korleis ein barndomsdraume blei lagt vekk og kvifor ho til slutt tok sjansen i vaksen alder etter ein dramatisk fødselsoppleving. Samtalen gir innsikt i både dei tøffe vala...
Published 11/11/24
Published 11/11/24
Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet Forlist, som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk...
Published 11/07/24