Description
I denne episoden tar eg ein prat med Marie Oma Leikvoll, som starta føretaket Oma Design i morspermisjonen i 2020.
Det er no fire år sidan, og i denne episoden får du bli litt betre kjent med ho og høyre fleire historier, blant anna om då ho var på ein tre vekers fototur til Afrika. Om korleis fødsel og bryllaup vart prega av Covid-19, om draumar for framtida og livet i Kvinnherad.
Ønskjer du å sjå glimt av nokre av bileta ho har tatt, kan du sjekke ut Instagram-profilen @omadesign.no eller besøke nettsida www.omadesign.no.
Sponsor: Kvinnherad kommune
I dag er episoden sponsa av Kvinnherad kommune!Kvinnherad kommune har mektige fjell, idyllisk skjergard, spanande næringsliv og eit mangfaldig kulturliv.I Kvinnherad finn du mange små og mellomstore lokalsamfunn, og sentrumsfunksjonar som handel og service i dei større tettstadane.Felles for alle er at du vil møta mange trivelege menneske.Velkomen til Kvinnherad.
Sjekk ut kvinnherad.kommune.no – der finn du alt du treng å vite om kommunen.
Stor takk til Kvinnherad kommune for at dei vil vere med som sponsor av SunnhordlandPodden.
I denne episoden møter vi Hanne Barane, som etter mange år valgte å satse på drømmen som fotograf. Ho deler historia om korleis ein barndomsdraume blei lagt vekk og kvifor ho til slutt tok sjansen i vaksen alder etter ein dramatisk fødselsoppleving.
Samtalen gir innsikt i både dei tøffe vala...
Published 11/11/24
Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet Forlist, som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk...
Published 11/07/24