75. Skirnesmål: mytologisk kjærleiksdrama. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker
Description
I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at
han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går over til forbanning. Fyrst når han trugar henne med uuthaldeleg lyst som ikkje kan sløkkast, gjev ho seg. Men Frøy hadde gjeve frå seg sverdet sitt, og kvifor reiste han ikkje sjølv? Er han i grunnen ein tufs?
Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg...
Published 11/17/24
Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så...
Published 10/20/24