Episodes
Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det kan minne oss om at fortida er eit framandt land. Korleis tolkar vi eigentleg fortida?   Fleire stikkord: Gravferdsprosesjon, svart katt, hekser...
Published 11/17/24
I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går over til forbanning. Fyrst når han trugar henne med uuthaldeleg lyst som ikkje kan sløkkast, gjev ho seg. Men Frøy hadde gjeve frå seg sverdet sitt, og kvifor reiste han ikkje sjølv? Er han i grunnen ein...
Published 11/03/24
Published 11/03/24
Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så er det massevis av gamle vêrmerke som er presise og nyttige den dag i dag. Faktisk kan vi, i gammal tradisjon, laga nye og nyttige vêrmerke baserte på skyfenomen som ikkje har eksistert før (!)....
Published 10/20/24
Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen, Røverkollen eller Slottet? Seier dette noko om funksjon i førhistorisk tid? Er eigentleg bygdeborg éin ting? Andre stikkord: Tanemsåsen, Hoøya i Selbusjøen, Ytraberget i Hafrsfjord,...
Published 10/06/24
Gresk-romersk, norrøn og samisk religion reknar vi som etniske religionar. Kva har dei felles? Og på kva måtar skil dei seg frå kristendomen, som erstatta dei? Avstanden er større enn ein skulle tru, på nær sagt alle område, for det dreiar seg om heilt ulike religionstypar.
Published 09/22/24
Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel. Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honning, vin, bjor, alu, urnordiske runeinnskrifter, spytt, brygging, vanekrigsmyten, Kvase / Kvasir, lut, fiskeslo, cannabis, Oseberg, fleinsopp /...
Published 09/08/24
Mengdevis av stadnamn vi har rundt oss i dagleglivet vitnar om tru og kult i førkristen tid. Dei fortel om ei religiøs tolking av landskapet – det same landskapet som vi lever i i dag. Bli med på ei reise gjennom dette religiøse landskapet – eller gjennom litt av tankegangen som skapte det.
Published 08/25/24
I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og framtid, og som spinn og vev lagnad / skjebne / öde for menneska. Det er i alle fall det vi har lært, det som står i bøkene og på nettet. Grunnlaget er for det synet er dessverre spinkelt når vi sjekkar mot kjeldene. Men nornene er spennande lell. Dei er klårt knytte til fødsel og fødselshjelp, som dei samiske akka-ene. Samtidig overlappar dei med valkyrjene, som rid i krigsmundur...
Published 08/11/24
Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfellet Lejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det noko med landskapet? Geografien? Finst det kanskje stadnamn som kan fortelja om det? Innspela i Lejre 18. juli 2024.
Published 07/28/24
Korleis fann folk fram dit fisken stod ute i sjøen før i tida? Og korleis fann dei tilbake til ein god fiskeplass? No har vi både ekkolodd og GPS, men før det? Jo, dei utforska landskapet på både land og sjø, og dei krysspeila mot punkt i landskapet. Rundt dette er det mykje artig tradisjon, både om stadnamn og fiskeplassar frå huldrefolket. Andre stikkord: Fiskelykke, fiskeplass, tabuspråk, hemmeleghald, huldrefolket, marmel / marmennil, medvers, Grímsmið, Soga om Bård Snæfellsås / Bárðar...
Published 07/14/24
Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien, men berre Voluspå set opplysningane saman til ei kosmisk  verdshistorie, frå skapinga av verda i grå fortid til undergangen langt der framme – og heilt til den nye verda atter stig av havet. I denne episoden gjev vi bakgrunn for diktet og går gjennom teksten nesten strofe for strofe.   Andre stikkord: Handskriftgransking, pergament, skriftkultur, Codex Regius,...
Published 06/30/24
Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin heilt inn ein gang til botnen av gravkammeret.   Har vi noko liknande hos oss? Ja, vi har norrøne mytar som liknar dei egyptiske, om transport av sola over himmelen. Og i fleire tilfelle er...
Published 06/16/24
Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023
Published 06/02/24
Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi frå plantar, både vi og husdyra våre. Men plantar har òg ei rolle i kult, medisin og myte. Korleis dette var i Norden i gammal tid, får du høyre litt om her. Stikkord: Lækjeurter, læknisgras, medisinplante, romarane, krydder, groblad, ryllik, kamille / kamomill, bulmeurt / villrot / bolmört, ølbrygging, pors, skvattram, humle, røsslyng / ljung, mjødurt, lauk / lök, kvitlauk / vitlök, knollhestehavre / knylhavre, lin / hør, grønsaker, hagebruk /...
Published 05/19/24
Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte? Andre stikkord: dǫnsk tunga, lingua franca, fransk, latin, frisisk; nordiske vikingtidslånord i engelsk, irsk, fransk og russisk; samisk, Bjarmeland, Ottar frå Hålogaland, kong Alfred, urnordiske lånord i finsk, nordiske...
Published 05/05/24
Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og visse element i religionen har overlevd til i dag. Det er særleg offertradisjon. Den snakkar vi om i denne episoden, med ein som står i tradisjonen. Stikkord: Sørsamis religion, levande offertradisjon, landskap, offersteinar, heilage fjell, takkeoffer, samemisjonen, religionsfridom, reindrift, fornorsking. Innspela på Ås 7. november 2023.
Published 04/21/24
Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred - så kunne dei forsvara seg der. Men kanskje var det snarare kultanlegg, samlingsstader for byda, litt som kyrkjene i seinare tid? Her får du høyre eit innlegg for det synet. Andre stikkord: Öland, Eketorp, Ismantorp, Skedemosse, Hjerteskeppet, Odensala prästgård, Torshälla, hillforts, Irland, England, Kontinentet, Cæsar, Alesia, Delphi, ringforma tunanlegg, Sandtorg,...
Published 04/07/24
Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye generasjonar? Korleis oppstår leikar? Kor gamle er dei sentrale leikane våre? Kva skilnad er det på barne- og vaksenleik? Finst det leikforsking? Kva seier i så fall den? Og…korleis går det med tradisjonell leik i dag? Innspela på Bygdøy 6. mars 2024.
Published 03/24/24
Hekne-trilogien om liv, kjærleik og tragedie i Gudbrandsdalen gjennom tre hundre år trollbind lesarane og er trykt i store opplag. Men kvifor valde Lars Mytting å bygge denne historia på segner og mytar? – Og kvifor skreiv han nokre av dei sjølv? Kvifor meiner han fortida er viktig? Romantiserer han fortida? Her får du nokre svar. Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein. Innspela i Oslo...
Published 03/10/24
Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg uti sjøen når du er i fjæra ved naustet ditt. Skal du skremme han bort, så bruk mainnskit. Korleis har førestillingane om draugen oppstått? Kan det vera fysiske og sosiale fenomen på sjøen som ligg bak? Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein.
Published 02/25/24
Den viktigaste forma for trolldom i norrøn kultur var seid. Med den kunne ein dra til seg personar eller ressursar, ein kunne skaffe opplysningar, eller spå. Seid var helst for kvinner, og det var perverst på ein eller annan måte, særleg dersom menn dreiv med det. Men korleis ein gjorde det, det seier kjeldene ingen ting om. Då må vi gjera nokre uvanlege metodegrep. Andre stikkord: seidstav, rokkehovud / distaff, vikingtidskvinnegraver, ekstatisk trolldom, rituelle spesialistar, samiske...
Published 02/11/24
Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøne skaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilideal som heng saman med ein minneteknikk vi kjenner frå mange munnlege kulturar. Bergsveinn Birgisson har doktorgrad på desse temaa. Innspela i...
Published 01/28/24
Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del måter, og var ulik på andre måtar, og vi kan sjå at det var kontakt mellom religionane. Kjeldesituasjonen er vanskeleg i begge tilfella, men på ulike måtar. Kanskje er det misvisande å snakke om samisk religion? Innspela i HVLs Medielab 16.11.2023.
Published 01/22/24
Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem – ut frå normene i dag, og normene den gongen? Kva var for resten normene den gongen, og korleis skilde dei seg frå dagens? Andre stikkord: Kjønnsroller, perversjon, utruskap, blodhemn, ære, status, fredløyse, snikmord, islendingsoger, kongesoger, Soga om laksdølane, Soga om Gisle Sursson, Njålssoga, Olav Tryggvason, Sigrid Storråde, Slaget ved Svolder
Published 12/29/23