57. Draug, segling, bølgjer og mainnskit. Samtale med historikar Mariann Mathisen
Listen now
Description
Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg uti sjøen når du er i fjæra ved naustet ditt. Skal du skremme han bort, så bruk mainnskit. Korleis har førestillingane om draugen oppstått? Kan det vera fysiske og sosiale fenomen på sjøen som ligg bak? Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein.
More Episodes
Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi frå plantar, både vi og husdyra våre. Men plantar har òg ei rolle i kult, medisin og myte. Korleis dette var i Norden i gammal tid, får du høyre litt om her. Stikkord: Lækjeurter, læknisgras, medisinplante, romarane, krydder, groblad, ryllik, kamille...
Published 05/19/24
Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte? Andre stikkord: dǫnsk...
Published 05/05/24