71. Rusmiddel i gammal tid. Samtale med kulturformidlar Eirik Storesund
Description
Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel.
Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honning, vin, bjor, alu, urnordiske runeinnskrifter, spytt, brygging, vanekrigsmyten, Kvase / Kvasir, lut, fiskeslo, cannabis, Oseberg, fleinsopp / nøgenhat / toppslätskivling, flugesopp, bulmeurt / bolmört / villrot, samisk noaide / noaidi / nåejtie, Håvamål 138-139, Isaak Olsen, joik / juoiggus, tromming, transe.
Innspela i Bergen og New Jersey 2. september
2024.
Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg...
Published 11/17/24
I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at
han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går...
Published 11/03/24