Episodes
Namna på stadene rundt oss er tidskapslar som fortel kva folk la merke til og korleis dei tenkte for 200 eller 2000 år sidan. Og namna vi lagar i dag fortel mykje om vår tid og vår kultur. Episoden er ein presentasjon av kva (stad)namn er, grunnleggjande sett, og korleis dei oppstår, korleis dei kan gå tapt og kva namn som lever lengst. Utgangspunktet er namn som uttrykk for korleis mennesket tenkjer, kva vi festar oss ved, kva vi oppfattar som vesentleg. Namn fortel mykje...
Published 07/02/23
Jonsok / sankthans / midtsommar er ei stor feiring. Men kor gammal er ho, og kva var innhaldet i feiringa i gammal tid? Det får du høyre om her – og om at mange av stadene folk har feira jonsok på i moderne tid, ofte har minne om kult og folkeliv frå førkristen tid.
Published 06/21/23
Nordmenn reiser mykje - i dag og i vikingtida. Men kva med den mørke mellomalderen? Då vart det vel slutt? Nei, Noreg heldt fram som dominerande skipsfartsnasjon i Nord-Europa, og kristendomen førde med seg stor internasjonal kontakt, m.a. gjennom ein skriftkultur som har gjeve oss dei viktigaste kjeldene til norrøn mytologi. Den skriftkulturen er dagens tema. Fleire stikkord: Tospråkleg skriftkultur, snakke latin, studere i Paris, internasjonale nettverk, utferdstrong, væringgarden i...
Published 06/04/23
Den seint nedskrivne tradisjonen om Loke kan sjå ut til å ha lite felles med Loke i dei norrøne mytane. Kan dei likevel ha samanheng? Ja, her får du eit forslag.
Published 05/21/23
Det suverent største gravfeltet på Vestlandet ligg i Eidfjord i Haranger. Kvifor akkurat der? Kva tykte folk var så spesielt med den staden? Svaret må liggja i landskap og geografi - resonnerer vi oss fram til, basert på landskapet rundt, ferdslevegane i området, landskapet ikring andre store gravfelt, opplysningar i dei norrøne tekstane, og samiske offerstader. - Innspela på Hæreid 22. april 2023.
Published 05/07/23
Loke er blant gudane vi har flest opplysningar om i dei norrøne tekstane. Men i tillegg finst det ein omfattande, lite kjend tradisjon om han nedskriven etter mellomalderen. Den tradisjonen er dagens tema. Stoffet er komplekst og vanskeleg å få tak på – slik vi kunne vente, når det gjeld Loke. Då må det bli nokre metodevurderingar òg.
Published 04/23/23
I norrøn mytologi er det dvergane som lagar omtrent alle dei underfulle tinga, som bomeranghammaren til Tor og Skipet til Frøy som kan segle i lufta. Men dei vil ikkje selja noko, du må presse eller manipulere dei til å laga åt deg det du vil ha. Kvifor det? Og korleis kan du gjera det? Det får du svar på her.
Published 04/16/23
Alle veit at Tor hadde ein hammar som våpen. Ikkje like mange veit at det var stor variasjon i våpenet hans. Dagens tema er vindvariantar av våpenet. Det kan sjå ut til at Tor kunne sende ut eit vindprosjektil med å blåse i skjegget, som om han blés i eit blåseinstrument, og at han kunne laga lyn og torebrak på den måten. Det kan til og med sjå ut til at han sende ut hugen sin med den vinden. Episoden bygger på denne artikkelen:...
Published 04/09/23
Einar Selvik gjer global suksess med bandet Wardruna. Kva går det musikalske prosjektet ut på, og kva meining finn han i det? Stikkord: Djup reserach, fossegrimen, folkemusikk, tidleg musikk, lyre, fidle, bronselur, bukkehorn, naturtoneskala, verdsmusikk, eigen sjanger, runer, suksess.
Published 04/02/23
I kokegrop, norrønt seyðir, kan ein baka mat med glovarme steinar. Denne tillagingsmåten var i Noreg særleg brukt i romartida og folkevandringstida. På somme stader finst det store felt med kokegroper frå gammal tid. Dette er særleg tingstader, kultstader og andre samlingsstader, og ein teori er at kokegroper særleg vart brukte til rituelle måltid. I denne episoden ser vi på kva arkeologisk materiale, gammalgermanske tekstar og stadnamn kan fortelja om kokegroper. - Innspela i Oslo 17.10.2022.
Published 03/26/23
Dreiv samane med trolldom? Tja, det meinte i alle fall nordmannen som skreiv den eldste Noregs-historia, på 1100-talet. Dagens episode er ein metodestudie, der vi ser på korleis folketradisjon nedskriven i moderne tid kan vera til hjelp i tolking av tekstar frå mellomalderen. Sentrale ingrediensar er tørrfisk, blodpølse og samisk trolldom. Andre stikkord: Seid / seiðr, gand, skrei / skreið, Historia Norwegie, negativ haldning til samane.
Published 03/19/23
Many myths are weird, in Old Norse and other mythologies. Why is that? To answer that question, we first need to answer the question of what mythology is.  Keywords: Old Norse mythology, theories about mythology, poetry, beyond the horizon, mead of poetry, Kvasir, creation of the world, Ymir, the binding of Fenrir, the unconscious, Jung. - Recorded in Prague 25. November 2022.
Published 03/12/23
Hadde folk i førkristen tid eigne kultbygningar, slik vi har kyrkjer frå kristen tid? Det har forskarane diskutert lenge, men no er saka avgjord. Det var eigne kultbygningar, og i Ørsta har ein gjort fyrste sikre funn av ein slik bygning i Noreg. I denne episoden snakkar vi med Søren Diinhoff frå UiB, som leidde utgravinga, om funnet, korleis han kan seia at det er ein kultbygning, tidlegare funn elles i Norden, og om forskingshistoria når det gjeld kultbygningar. Synet på kva det er rimeleg...
Published 03/05/23
Heimdall blir gjerne rekna som den gåtefulle av dei norrøne gudane. Det er litt merkeleg, for vi har mange opplysningar om han. Men vi strevar med å få dei til å henge saman og gje meining. Her får du mitt forslag.  Stikkord: Verdspålen, himmelkvelven, Nordstjerna, rammegud, opphavstid, endetid, grensegud, far til alle, samisk mytologi, Raedie, finsk mytologi, sibirsk mytologi, stålampe. 
Published 02/26/23
Fantasy-litteratur gjenbrukar urgamle mytar og eventyr. Kvifor det? Og korleis kan denne litteraturen vera så populær, når livet i dag er fundamentalt annleis enn i den tida mytane og eventyra vart til? Stikkord: Harry Potter, J. K. Rowling, Tolkien, Ringdrotten, ChatGPT, minnekultur, kollektive forteljingar, dikteprosess, resirkulering, arketypar, Jung, tidleg psykologi, Oskeladden.
Published 02/19/23
Folk i gammal tid hadde ikkje folk fly og romskip. Men dei kunne observere at vi bur på ei jordskive som himmelen kvelver seg over, roterande rundt eit punkt, nemleg nordstjerna. Korleis tolka folk dette for å få samanheng  og meining? I denne episoden går vi gjennom fire kosmosmodellar som folk i nordlege strøk laga seg med å tolke desse observasjonane i lys av ting dei kjende frå dagleglivet.  Stikkord: Stjernehimmelen, naturleg lys, himmelstolpe, verdspåle, kosmisk kvern, kosmisk telt;...
Published 02/12/23
Mange forskarar meiner det var eit sakralt kongedøme i Norden i førkristen tid. Kongane stamma frå gudane, leidde den sentrale kulten og garanterte god avling og velstand i riket. Då var fallhøgda stor, og det ser ut til at kongane i ekstreme tilfelle kunne ofrast. Vi ser nærare bak kjeldene som fortel om dette og teoriane ein har brukt for å forstå dei.  Fleire stikkord: Sakralt kongedøme, uår, arveleg kongedøme, legitimitet, tyranni, allmøte og flat struktur på 70-talet, USAs grunnlov, rett...
Published 02/05/23
Tabuord er ord vi helst ikkje skal bruke. I gammal tid kunne ein unngå slike ord for å halde seg inne med makter, eller for å unngå å påkalle makter, eller – for å finte ut makter. Vi har tabuord i dag òg, og nye oppstår, ofte av ideologiske grunnar. Mekanismane er til dels dei same no som før. Stikkord: Tabu, noa, godnemne, overtru, fiske, haill, banning, nestenbanning, norrøne tabu, ved Jupiter!, Beforeigners, dei underjordiske, alvane, diskriminering, likestilling. 
Published 01/30/23
The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But how were they performed? Were they just sung or recited, or could some of them have been performed as drama? Terry Gunnell believes the answer is "yes" and in this episode he tells us why. Gunnell is professor of folkloristics at the University of Iceland. - Recorded in Prague 25. November 2022.
Published 01/22/23
Frå kristen tradisjon kjenner vi todelinga i kropp og sjel, altså at mennesket består av ein materiell og ein ikkje-materiell del. Naturvitskapen seier at berre den materielle delen finst. Korleis tenkte folk seg dette i førkristen tid i Norden? Det snakkar vi om i denne episoden, med utgangspunkt i myten om Ask og Embla. Versjon 2, 16.01.2023
Published 01/15/23
Oseberg-  og Gokstad-funna er mest kjende for dei godt bevarte skipa. Men det var òg eit fantastisk rikt gjenstandsinventar og i Oseberg dessutan eit biletteppe som truleg viser m.a. gravprosesjonen. Dermed gjev desse gravfunna eit einståande innblikk i liv og tanke på 800-talet. I denne episoden snakkar eg med arkeolog Unn Pedersen ved Universitetet i Oslo om dette.  Kvifor la folk så mykje arbeid i desse  gravene? Kva meining skapte det? Korleis fungerte dette i lokalsamfunnet? Kva slag...
Published 01/08/23
Loke i norrøn mytologi og Oskeladden / Oskefisen i eventyra er svært like. Men historiene om dei har motsett synsvinkel, og derfor oppfattar vi dei to som svært ulike. Korleis heng dette henge saman? Kva funksjon har dei to i sine univers? Og kva er nøkkelen til suksessen deira? 
Published 01/01/23
Alvane er nemnde mange gonger i dei norrøne kjeldene, ofte i samanheng med æsene (gudane). Men vi får dårleg med opplysningar om dei. Derfor er det ekstra gledeleg å kunne argumentere for at ei alvesegn nedskriven på Island på 1840-talet ganske sikkert eksisterte på 1200-talet òg, og kanskje i førkristen tid. Segna fortel om ei alvedronning som måtte vera hos menneska, men fekk reise heim til sine eigne julenatta og få med seg feiringa der. 
Published 12/24/22
Åsatru finst som levande religion i Noreg i dag. Trur dei då at det blir torevêr fordi ein kraftkar køyrer med bukkar over himmelen og slår med hammaren sin? Er det mogeleg å blåse liv i ein religion som har vore daud i 1000 år? Eller er det kanskje ikkje det dei prøver på? Slike spørsmål får du svar på i denne samtalen med høvdingen i Åsatrufellesskapet Bifrost, spela inn i samband med førjulsblotet dei nyleg hadde i Trysil. Dei fleste vil truleg bli overraska over korleis folk i dette...
Published 12/18/22
I norrøn mytologi er det to som er knytte til skigåing: guden Ull og jotunkvinna eller gudinna Skade. Kva er bakgrunnen for at akkurat dei to er knytte til skigåing? Det snakkar eg med ein skimakar om i denne episoden. Då blir det òg mykje om ski og skikultur generelt i gammal tid.  Stikkord: Ski og jakt, jotunkvinne, samlivsproblem, den mest gåtefulle guden, himmelgud, saueull, aking for langt lin, sakrale stadnamn, 7000 år gammalt skifunn, skikultur i Altai, skileik, nasjonsbygging. -...
Published 12/11/22