33. Våpenet til Tor – blåseinstrument og vindkule?
Listen now
Description
Alle veit at Tor hadde ein hammar som våpen. Ikkje like mange veit at det var stor variasjon i våpenet hans. Dagens tema er vindvariantar av våpenet. Det kan sjå ut til at Tor kunne sende ut eit vindprosjektil med å blåse i skjegget, som om han blés i eit blåseinstrument, og at han kunne laga lyn og torebrak på den måten. Det kan til og med sjå ut til at han sende ut hugen sin med den vinden. Episoden bygger på denne artikkelen: https://eldar-heide.net/onewebmedia/PDFer/Kultur-%20og%20religionshistorie/Heide%202004,%20V%C3%A5penet%20til%20Tor%20jamf%C3%B8rt%20med%20gand%28r%29.pdf.
More Episodes
Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin...
Published 06/16/24
Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023
Published 06/02/24
Published 06/02/24