28. Fyrste sikre norske kultbygning. Samtale med arkeolog Søren Diinhoff
Listen now
Description
Hadde folk i førkristen tid eigne kultbygningar, slik vi har kyrkjer frå kristen tid? Det har forskarane diskutert lenge, men no er saka avgjord. Det var eigne kultbygningar, og i Ørsta har ein gjort fyrste sikre funn av ein slik bygning i Noreg. I denne episoden snakkar vi med Søren Diinhoff frå UiB, som leidde utgravinga, om funnet, korleis han kan seia at det er ein kultbygning, tidlegare funn elles i Norden, og om forskingshistoria når det gjeld kultbygningar. Synet på kva det er rimeleg å hevde, har svinga att og farm på fascinerande vis.  Fleire stikkord: Uppåkra, Gudme, Tissø, Lejre, Borg i Lofoten, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, arkeologisk metode, kjeldekritikk, hyperkritikk, tverrfagleg samspel. 
More Episodes
Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin...
Published 06/16/24
Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023
Published 06/02/24
Published 06/02/24