69. Nornene: Spennande på ein annan måte enn vi trudde. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen
Listen now
Description
I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og framtid, og som spinn og vev lagnad / skjebne / öde for menneska. Det er i alle fall det vi har lært, det som står i bøkene og på nettet. Grunnlaget er for det synet er dessverre spinkelt når vi sjekkar mot kjeldene. Men nornene er spennande lell. Dei er klårt knytte til fødsel og fødselshjelp, som dei samiske akka-ene. Samtidig overlappar dei med valkyrjene, som rid i krigsmundur over slagmarka og plukkar ut dei som skal falle. Juridisk terminologi dominerer omtalen av dei. Dei feller dom over deg og meg. Men kvifor er lagnaden kvinneleg?   Andre stikkord: Tekstilarbeid, spinning, veving, seid / seiðr, blodhemn, kvinnemakt, skjoldmøy, folkemeininga, omdømme, heltedikt, samfunnsnormer, lov og rett, juridiske metaforar, etymologi, islendingsoger, Soga om laksdølane / Laxdǿla saga, Gudrun Usvivsdotter / Kjartan / Bolle, Njålssoga, slaget ved Clontarf, Maadter­aahka, Saarahka, Oksaahka, Joeksaahka, sørsamisk religion, greske moirai, gresk mytologi, diser / dísir, fylgjer / fylgjur, folketradisjon, folkloristikk / etnologi, Urdr / Urd, Verðandi / Verdande, Skuld, nornagreytur, nonegraut, nornablettur, weird.   Karen Bek-Pedersen har doktorgrad i etnologi / folkloristikk frå University of Edinburgh, med tema nornene i norrøn mytologi, og er forfattar, føredragshaldar og omsetjar.   Innspela i Bergen 5. august 2024.
More Episodes
Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg...
Published 11/17/24
I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går...
Published 11/03/24
Published 11/03/24