Kom heimatt, gut!
Listen now
More Episodes
I premierepodden får de bli med oss på veg mot Åmot Operagard, der startskuddet gjekk søndag kveld. Me snakkar om kor mange sveler ein eigentleg treng, de får høyra klipp frå både øving og sjølve forestillinga, og spenninga er til å ta og føla på.
Published 12/03/15
Bli med inn på prøvesalen (spisestova) i Gamlahuset, der Fredrik og Jostein arbeider dag og natt med å få Kom heimatt, gut! ferdig til premiera på søndag! Men fyrst: Korleis klarte Fredrik å gå av bussen på feil stopp? Og kva er det han har i den enorme posen frå NMS i Førde?
Published 11/22/15
Mariell og Jostein er på bryllaupsreise og podkastar frå Lucca i Toscana. Fredrik, på den andre sida, har bussa rundt heile det Indre austlandsområdet på jakt etter plakatsylindrar. Og han fortel at Kom heimatt, gut! har fått sin fyrste netthatar! Han heiter Jarle.
Published 11/09/15