Episodes
Vi er fire dager unna valgdagen. Høyre faller som en stein på meningsmålingene, men gjorde reint bort sammen med Frp og Venstre i skolevalget. Får Unge Høyre-leder Ola Svenneby ufortjent mye tyn for å erklære generasjon Greta Thunberg for død? Og tror vi egentlig på forklaringene til Anniken Huitfeldt om at hun ikke har delt børssensitiv informasjon med mannen Ola Flem? Hør hele episoden med abonnement hos Podme eller i BT-appen.
Published 09/08/23
Endå ei fersk måling bekreftar at kaos er tilbake i bergenspolitikken. Mest oppsiktsvekkande er Høgre. Er dei på veg utfor stupet? Eit anna parti opplever ein kraftig og oppsiktsvekkande oppsving. I regjeringa har aksjehandel igjen ført ein statsråd i trøbbel. Korleis er det mogeleg? Produsent: Henrik Svanevik
Published 08/31/23
Fryktkultur og lovbrot er avdekka på det gigantiske byggeprosjektet med ny Sotrabru. Vil det skape problem for Høgres prestisjeprosjekt, OPS, vidare? Elles er vestlandssommaren prega av ein serval på rømmen i Bjørnafjorden. Og denne veka gjekk ein luksusrestaurant i Rosendal viralt, verda over. Men ikkje på grunn av maten… Produsent: Henrik Svanevik
Published 08/03/23
Landet har fått kulturminister frå Bergen, og samtidig meiner ein UiB-professor at riksrett må vurderast i Trettebergstuen-saka. I Bergen blir det eit historisk fyrevindauge på Torgallmenningen i sommar, men både Jens og Eirin er meir skeptiske enn før. Og så undersøker me landets nye maktsentrum: Strekninga frå Flaktveit til Toppe i Åsane. Produsent: Henrik Svanevik
Published 06/29/23
Historie har skjedd i Bergen. Etter ti år har bypolitikarane, etter alle solemerke, landa bybanesaka. Likevel er det høgst usikkert når banen faktisk kan bli bygd. Torsdag blei me minna om det mørke bakteppet for Pride-festivalen, då eit barnearrangement blei avlyst på grunn av trugsmål. Det fører oss over til diskusjonen om kvifor justisministeren og det skeive miljøet har kome så… skeivt ut. Produsent: Henrik Svanevik
Published 06/01/23
Selvskadingen i Arbeiderpartiet tar aldri slutt, og nå har statsminister Jonas Gahr Støre klart å gjøre seg selv til saken. Hvorfor ringte han Helga Pedersen selv? Imens skaper politivold enda en tillitskrise i politiet, og influenseren Sophie Elise har fått ekkel bismak i munnen av Akvariet i Bergen. Produsent: Henrik Svanevik
Published 05/04/23
Morten brukte ungdomstida i Framstegspartiets Ungdom. Denne helga var han på sitt første Raudt-landsmøte. Me tar òg ein kort tur innom Hamar, der KrF tok eit lite retningsval i kampvoteringa om nestleiarvervet. Produsent: Henrik Svanevik
Published 04/24/23
«Nokon må gå» dreg på rundtur i Noregs land. Skjønnar du kor me stoppar? Send oss dine svar og bli med i trekninga av ein eksklusiv NMG-kopp! Produsent: Henrik Svanevik
Published 04/05/23
Erna Solberg har gitt ut eit nytt politisk manifest, men i Nokon må gå-studio blir det reist eit stort spørsmål til det heile. For kva gjorde ho eigentleg då ho styrte sjølv? Rikingar som prøver å vestlandsvaske skatteproblema sine er også tema. Og i vekas «Å Vestland» står by mot land når vegarbeid og kø er tema. Er det eigentleg synd på byfolk som står i kø på veg til hytta? Produsent: Henrik Svanevik
Published 03/09/23
Den store snakkisen i Bergen denne veka var uforskamma og uprovosert dritslenging frå ein kjent forfattar. I bergenspolitikken sit Arbeidarpartiet igjen nesten utan venner, og ser ut til å takle det ganske dårleg. Partileiar Olaug Bollestad har lansert ein ny strategi for KrF, men vil den lukkast? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Oslo...
Published 02/02/23
Erna Solberg (H) skal fortsatt være partileder i Høyre. Hva betyr det, og hva er alternativet? I 2023 er det nytt valg, nye poster som skal fordeles, og ganske sikkert nye skandaler. I denne episoden ser Nokon må gå-gjengen i den politiske spåkulen, og oppsummerer spådommene fra i fjor. Programledere: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: TV2
Published 01/05/23
Det er semje om statsbudsjettet, og SV har sikra pengar til viktige vegar og prosjekt her vest. Samstundes får regjeringspartia stadig nye skrekkmålingar. Kan det henge saman? I Bergen har studentane erklært utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) persona non grata, noko som har skapt intern strid i podden. Det same har vår tids viktigaste bakst- og bollespørsmål, og NMG-gjengen tar debatten. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik...
Published 12/01/22
Noen rettssaker får enorm betydning, ikke bare for dem som er involvert, men for hele samfunnet. Podkasten «Dommen» forteller hva som egentlig skjedde i de viktigste sakene i norsk rettshistorie. Lytt på bt.no eller Podme.
Published 11/28/22
Arbeidarpartiet dannar byråd saman med Venstre, medan MDG ikkje får vere med vidare. På ein pressekonferanse torsdag sa avtroppande byråd Thor Haakon Bakke (MDG) at han var sjokkert. Me snakkar oss gjennom siste nytt i Bergens politiske drama i denne ekstraepisoden. Vekas vanlege episode kjem fredag. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Eirin Eikefjord. Produsent: Morten Myksvoll Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe
Published 11/03/22
Ingen vil styre Bergen etter at Roger Valhammer trekte seg. Men kva er eigentleg poenget med å vere politikar viss du ikkje vil ha makt, spør Jens Kihl, Morten Myksvoll og Gerd Tjeldflåt seg. Droner i Nordsjøen får krigen til å komme nærare, men Myksvoll forklarer også kvifor me nordmenn ikkje skal vere så redde for krig. Og treng du å sjå endå litt lysare på livet, så har Kihl reist tilbake til 80-talet og funne litt motivasjon. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Jens...
Published 10/12/22
Regjeringa har nettopp kasta Bergen ut i meir bybanekaos. For skal dei likevel ikkje betale 70 prosent av banen? Blir det då meir bompengar? Samstundes er det gått ein månad sidan elevar skulle starta på skule, og foreldre begynner å gå laus på streikande lærarar. I vekas «Å Vestland» handlar det om manndomsprøven Stoltzekleiven opp, eller Ræveskaret opp som det eigentleg skulle heitt. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Hans Mjelva og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn...
Published 09/15/22
Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt har tatt med «Nokon må gå» til Arendalsveka. Med på scena er direktør i Språkrådet, Åse Wetås, som mellom anna kårar dei tre verste namna på norske instituasjonar. Det er også Frp-nestleiar Terje Søviknes og tidlegare justisminister Monica Mæland for å snakke om sine lange politiske liv. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Teknikk: Magne Antonsen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere...
Published 08/17/22
I sommer inviterer Nokon må gå sine drømmegjester i studio, og i denne episoden har vi vår gjestekommentator Brit Aksnes på besøk. Hun er både forfatter, filmanmelder og dokumentarskaper, men mest av alt er hun irritert. på det meste. Det er et skjebnefellesskap hun deler med politisk redaktør Eirin Eikefjord, som tar samtalen innom livets store temaer midtlivskriser, barn, mannemennesker, trans og kultur. Programleder: Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske –...
Published 07/21/22
Bybanen i Bergen blir minst fem milliardar kroner dyrare enn forventa. Det kan vere ei ekte krise. Ekte krise er det også på Sørlandet, der kommunedeling skapar splid i Arbeidarpartiet. Spørsmålet skaper også litt splid i «Nokon må gå»-studio, men heldigvis kan alle einast om at Erna Solbergs tur på Tivoli med VG på slep var merkeleg lesnad. Og Å Vestland handlar sjølvsagt om det nitriste sommarvêret. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord, Jens Kihl. Produsent: Henrik...
Published 06/23/22
I svært tidlege morgontimar 24. februar fekk statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vite at Ukraina var invadert. Han forsto med ein gong at dette var eit tidsskilje med omfattande konsekvensar. I dette eksklusive intervjuet med Nokon må gå snakkar han om korleis krigen har påverka norsk EU-debatt, forholdet til Raudt og norsk økonomi.
Published 05/25/22
Frp har landsmøte denne helga og held på med å finne seg sjølv på nytt. Men må dei vere så keisame? Bergen kommune står midt i ein milliardkrangel før dei kan få bygge sin nye bydel. Og denne veka startar russetida, for første gong på tre år. Vekas «Å Vestland» handlar om korleis det brukar å gå føre seg i bygd og by på Vestlandet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Lyd: VG, Fjell kommune Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown...
Published 04/28/22
Dagens episode finn du i BT-appen eller på Podme.
Published 04/07/22
Senterpartiets Marit Arnstad meiner at Noreg kan måtte skyve på klimamåla våre, sidan det ikkje vil vere mogeleg å elektrifisere heile sokkelen med straum frå land. Me dykker ned i konflikten mellom Ap-podkasten Partipressa og Harald Eia, snakkar om talen til den ukrainske presidenten i Stortinget – og så spør Anne om råd før ho skal på Høgre-landsmøte i helga. Programleiarar: Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere...
Published 03/31/22
Det er framleis bråk i Bergen Senterparti og Høgre held fram med sin nomiasjon. Det politiske Bergen leverer altså på toppnivå. I tillegg har sparkesykkelselskapet Ryde fått tyn frå Arbeidstilsynet. I spalta "Å Vestland" skal me til Knarvik, som kan få sin første sushi-restaurant. Men kan strilar ete sushi? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, NRK
Published 03/24/22
Gerd ser at det bryggar opp til kamp om toppvervet i Bergen Høgre, etter at fleire bydelslag utfordrar Harald Victor Hove som byrådsleiarkandidat. Anne forklarer kvifor det er vanskeleg for regjeringa at staten tener så mykje pengar. Og Morten lurer på kva type ferieplanlegging som er den mest vestlanske måten. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord...
Published 03/17/22