“Det er mange gode historier i denne podkasten, men som med fleire av dei andre podkastene til Moderne media blir språket for skriftleg og kunstig for min smak. Det er mykje repetetiv ordbruk og ein del direkte omsetjing av engelske uttrykk. I tillegg opplever eg at når høyrer historier som eg kjenner frå før, syns eg ofte det er litt lite detaljer og dybde i dei relativt korte episodene (30 minutt minus 7 min reklame). Her kan ein kanskje koste på seg å lage litt lengre episoder.
Elles syns eg sjølve konseptet med «bok av syndere» (book of sinners?) blir litt barnsleg, og ein bør snarast kutte ut den siste delen der ein henvender seg til du-et/syndaren. Det er heilt unødvendig å ha det med. Det hadde vore mykje meir interessant om Jim og Pernille diskuterte saken litt seg i mellom, etter mi meining.”
Hanna.I. via Apple Podcasts ·
Norway ·
03/03/21