Sporlaust på tur
Listen now
Description
I anleisåret 2020 har naturen i endå større grad enn tidlegare blitt ein fristad for fleire av oss både til dagsturar og overnatting. I sommar skal dei aller fleste feriera i Norge - og mange vil ut i naturen. Kva bør du som turgåar gjera for å sikra at naturen ikkje tek skade av deg? Kva unntak gjeld ved bålfyring, kvifor er slynger tingen når du heng opp hengekøya og kva triks gjer at du finn att doplassen din om natta? Torkil Reinertsen er turleiar i DNT ung og gjest i denne episoden. Han gjev deg eit kræsjkurs i kva du bør vita.   See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
More Episodes
Bli med til fjells, 1000 meter over havet til ei av DNTs 44 betjente hytter, Stranddalshytta i Ryfylket. John Nilsen, hyttevertskapet, visste ikkje kva fjellsko var då han byrja i jobben for eitt år sidan. No lengtar han etter hytta så fort han har stengt den for vinteren. Korleis vart...
Published 07/02/20
Kva vert barn motivert av, kva utstyr er viktigast og kva stader er bra for sommerturar? Mangeårig turleiar i Barnas Turlag i DNT, Trude Havik, gjev du tips til turar for små born til meir krevande turar til turvante og motiverte større born og tweens. Dette er ein episode for deg som...
Published 06/19/20
Utanlandske turistar valfartar nordover kvar sommar for å oppleva midnattsola, dei kvasse fjella, det turkise havet og dei kvite strendene. I år er det vår tur. Undersøkingar viser at Lofoten topper lista over kor nordmenn ynskjer å feriera i sommar. Øygruppa i Nordland er eit eldorado for...
Published 06/11/20