Episodes
Grimkjell var ein av biskopane som var ein del av fylgjet til Olav den heilage. Grimkjell hadde truleg ei sentral rolle då kristenretten vart satt på Mostertinget, men var også ein viktig bidragsytar i olavskulten som utvikla seg i etterkant av Olav sin død. «Uten Grimkjell, ingen Hellig-Olav», har det blitt sagt. Men kva veit vi eigentleg om denne Grimkjell, og kva for kjelder har vi til livet hans? Ein samtale mellom dei to mellomalderhistorikarane Steffen Hope og Torgeir Landro.
Published 03/11/24
Kva følgjer fekk religionsskiftet i Noreg ikring år 1000 for samane? Dei vart ikkje tvangskristna, i staden vart den felles samiske identiteten sterkare i møte med den nye kongemakta. Ein samtale med førsteamanuensis Miriam Tveit ved Nord universitet, og professor i arkeologi ved Universitetet i Tromsø, Bjørnar Olsen.
Published 10/10/23
Published 10/10/23
Endra synet på seksualitet seg etter kristninga på 1000-talet? Ære og skam i det norrøne samfunnet møter den kristne synda. Om synd, onani, ekteskap og skilsmisse. Om korleis synet på kroppen var vanskeleg å forstå på tvers av dei to religionane. Øystein Morten samtaler med dei to mellomalderhistorikarane Bjørn Bandlien og Anne Irene Risøy.  
Published 09/16/23
Religionshistorikaren Gunhild Røthe og Øystein Morten samtaler om dei konkrete skikkane og reglane som styrte folkereligionen før og etter kristninga med fokus på barneutbæring, magiske ritual ved fødsel, barsel (barns øl), Maria-graut og kvinnekroppen etter fødselen i kristen tid.
Published 09/15/23
Kva skjer med eit samfunn som skifter religion? Denne episoden handlar om religionen i Noreg før og etter 1024. Om kultens rolle i det gamle norrøne samfunnet og kva som skjedde då ein internasjonal frelsesreligion sveipte over landet. Synet på menneska endra seg, naturen endra seg, oppfatninga av tida endra seg, men mykje vart òg med over i den nye trua, mellom anna synet på øldrikking som noko heilagt. Ein samtale mellom religionshistorikaren Gro Steinsland og teologen Torstein Jørgensen....
Published 09/08/23
Den engelske mellomalderhistorikaren Timothy Bolton meiner at eit dødsfall i England i 1023 kan ha ført til innføringa av kristenretten i Noreg året etter. Han peikar òg på at heilagegjeringa av Olav Haraldsson nokre år seinare handla om politisk propaganda arrangert av Knut den mektige. Samtalevert er den kjente svenske mellomalderhistorikaren Anders Winroth.
Published 08/30/23
Det står skrive at Heilag Olav og biskop Grimkjell stadfesta kristenretten på Moster. Gjestene professor Torgeir Landro og professor Anders Winroth samtaler seg gjennom kjeldene til hendinga. Kan hende var kristenretten langt mindre og enklare enn kva folk trur. For Olav og Grimkjell måtte rette seg etter det samfunnet dei møtte i Noreg på 1020-talet. Samtalevert er Øystein Morten   
Published 08/23/23
Professor i middelalderhistorie Anders Winroth og religionshistorikar Øystein Morten i samtale om kristen påvirking i Skandinavia frå 400-talet av og kvifor danske og norske konger selv ønskte å bli kristne på 900-talet. Du får også høyre om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav Haraldsson og korleis den vesle øya Moster vart så sentral i norsk historie.  
Published 08/15/23