Episodes
Ein julespesial til alle med knuste hjarter.
Published 12/25/20
Published 12/25/20
Det er straks 20 (!) år sidan denne norske julefilmen såg dagens lys, og Barmen og Bakken sjekkar stoda. Har han haldt seg? Og er Ane så god i stavangersk som ho opplever sjølv? 
Published 12/22/20
Kven er han derre Grinchen alle snakkar om i amerikanske TV-seriar? Vi går til kjerna - teiknefilmen frå 1966 - for å finne ut av det. 
Published 12/22/20
Ein gammal og god norsk julefilm frå 1940 med sure tanter, eldgamle konfirmantar og snappy bestefedre. Pål har gløymt slutten og Ane ynskjer seg remake.
Published 12/15/20
Susan Sarandon! Feminisme! Brad Pitt utan skjorte! 
Published 12/08/20
Sir Sean Connery har forlate oss, og vi heidrar hans minne ved å sjå den aller fyrste Bondfilmen. Ane er i sorg over å ha mista sin imaginære Hollywoodektemann, medan Pål er mest oppteken av dusjscena.
Published 12/02/20
Vi har sett den store norske husmorkomedien frå 1959. "Støv på hjernen" byr på kjærleik, forviklingar, sjukeleg vasking og ei ung og fresh Wenche Foss. 
Published 11/25/20
Orson Wells´meisterverk, og verdas visstnok beste film, skal analyserast. Det blir ugrei stemning.
Published 11/18/20
Vi er tilbake, og feirar med å sjå det som er rekna som verdas dårlegaste film: "Plan 9 fra det ytre rom". Romvesen i glinsedrakt, gravsteinar av papp og ikkje ein einaste velskriven replikk: det borgar for ironisk kjærleik. Eller?
Published 11/11/20
Vi sit framleis i isolasjon, Pål er frustrert over systekånene, og Ane frårådar ein serie ho ikkje veit kva er.
Published 04/05/20
Vi elskar Liv Ullmann. Vi føler ikkje heilt det same for Kristin.
Published 03/22/20
Alle sit heime i isolasjon, så Barmen og Bakken kjem med sine beste film- og serietips som får tida til å gå. 
Published 03/22/20
Julespesial! Dette er filmen som vekste på oss med åra og som kickstarta Pål si røykekarriere. Her er det altså mykje fint å ta med seg.
Published 12/10/19
Den norske Wam og Vennerød-klassikeren frå 1976 er - som forventa - eit paradis for ikoniske-replikkar-frå-norsk-film-entusiastar - men held resten av filmen mål i dag? Bonus: ei kort innføring i nordfjordske adjektivsbøyingsmønster.
Published 07/03/19
Vår fyrste musikal! Pål syns Wikipedia er knallbra på å recappe, og Ane må innsjå at ho ikkje er eit musikalmenneske.
Published 06/27/19
Ein verkeleg klassiker skal vurderast, og vi skjønar pinadet ikkje greia.
Published 06/12/19
Olsenbanden fyller 50 år, og vi klaskar til og gjev filmserien eit nytt forsøk - etter sterk oppfordring frå fansen.
Published 06/05/19
Jeg fikser´e ikke!
Published 05/29/19
High school-filmen über alles skal under lupa. Hallo, Brat pack, dansemontasjer og samanteipa rumpekjakar!
Published 05/24/19
BOLLYWOOD!
Published 05/15/19
Har Marlon Brando bomull eller druer i kinna?
Published 05/08/19
Vi opnar ny sesong med ein samisk klassiker. Vi er forelska i Mikkel Gaup, Pål har ein beef med komponisten og Ane leverer tidenes freudianske glipp.
Published 05/01/19
Spesialepisode: Vi har fått besøk av filmeksperten Brita Møystad Engseth! Ho forklarar oss kvifor Rambo er verdas viktigaste antikrigsfilm, kvifor ho gjev Titanic terningkast 5 og kvifor Die Hard burde vere på lista vår. Vi blei cirka 100% smartare. Lytt, le og bli lur, du også!
Published 12/18/18
Vi elskar cirka alt unntatt den norske tittelen. Obs: vi beklagar dårleg lyd i denne episoden. Skru opp og hald ut!
Published 12/13/18