Episodes
I denne episoden av podcasten Frå svin til vin får du høyre meir om sommarplanane på vingarden til Toyni Tobekk og Arild Hebnes. No er dei klare for å ta imot grupper med spente gjester som både får smake vinen dei har laga og lokale matskattar. I dag får du også møte Gunvor Tveita som driv Tveita Adventure og tilbyr glamping i ein ekte dom. Veit du forresten om du skal drikke vinen kald eller halvlunka? Svaret får du i denne episoden!
Published 07/13/22
Published 07/13/22
I denne eisoden av podcasten Frå svin til vin møter du Cathrine Selvaag som driv Ryfylkekokken på Finnøy, ho er og engasjert i det meste som rører seg i matfylket Rogaland og brenn for lokale råvarer. I tillegg presenterer vinbøndene Arild Hebnes og Toyni Tobekk dei fire vinane som dei har klare for sommaren, og den lokale maten dei vil servere til gjestene. Lurer du forresten på kva oransjevin er for noko så er dette episoden for deg.
Published 06/20/22
Vin er lidenskap for mange. I denne podcast-episoden møter du vinkjennar Jarle Madsen som driv si eiga vinutdanning i Stavanger, i tillegg får du høyre siste nytt frå vinrankane på Hebnes. Lurer du forresten på kvifor nokre vinar har skru-kork medan andre har naturkork? Her får du svaret!
Published 06/20/22
I første episoden av podcasten Frå svin til vin møter du vinbøndene Arild Hebnes og Toyni Tobekk. Du høyrer korleis reisa har vore frå dei overtok garden og dreiv med høns, griser, sauer og poteter, og til dei no snart skal invitere gjester inn på vingarden på Hebnes. Visste du forresten at ein i Frankrike brenner bål rundt vingarden når dei opplever uventa kulde på våren, for at avlinga skal klare seg?
Published 06/20/22