Episodes
Published 04/01/24
Hei vår og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik påske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til å verta klare til sesongen.  Om tre veker startar lamminga, og målet er å få gjort så mykje som mogleg av det som hastar mest før den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka å få hagen klar og logistikken på plass før alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd.  Nytt i år er at vi oppskalerer eggeproduksjonen og har mål om å byrja å ha hønsa på beite rundt omkring på...
Published 04/01/24
No har vi mykje nytt å melda! Kjetil har fått seg ny jobb (!), og det har på ein måte Mari óg (i meir enn ein betydning). Vil du vita meir, må du lytta til episoda :) Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: [email protected] P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Published 03/11/24
Dagane vert stadig lysare og våren kjem stadig nærmare. Det er godt å kjenna at den mørkaste vinteren er bak oss og at vi har ei lang periode med lys og varme foran oss der naturen kjem til live igjen. I denne episoda snakkar vi om våre erfaringer med å arrangera dugnad på garden, og deler eit par tips til ting å tenkja på viss du skal gjera det same. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram:...
Published 02/12/24
Årets mest ettertrakta (?) episode! I denne episoda gjev vi deg alle dei saftige detaljane om økonomien i drifta vår og fasiten for året som har gått. Kva gjekk i pluss? Kva gjekk i minus? Kva for salskanaler har funka best? Kva for produkt har vi selt mest av? Kva for nokre erfaringer har vi gjort oss og korleis vil vi gå vidare med bakgrunn i lærdomane vi har gjort? Fest setebeltet og gjer deg klar for ein episode fullspekka av tal og godsaker! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar...
Published 01/29/24
Vi har starta på eit nytt år, og med det er det på tide å venda om eit nytt blad i boka om livet på Gjengevoll. Vi har lagt jul og nyttår bak oss, og står i skjæringspunktet mellom å evaluera og reflektera over 2023, og leggja planar for året vi har foran oss. Ei spanande nyheit er at vi køyrer digitalt mangesyslarkurs denne seinvinteren, og at påmeldinga har opna no! Kurset har oppstart 5. februar, og du kan lesa alt om det på denne sida:...
Published 01/08/24
Jula og solsnu nærmer seg med stormskritt, og vi er to slitne bønder som byrjar å sjå lyset i enden av tunnellen. Det har vore ein travel haust og ein røff desember, og vi har fokus på å stå løpet ut fram til julefreden tek oss. I denne episoda prøver vi å muntra oss sjølv opp med å tenkja på kva vi er takknemleg for no når vi står midt i julestria. Vi takkar alle våre lyttarar for å ha holdt følgje med oss gjennom 2023. Riktig god jul, så snakkast vi på nyåaret!  Viss du har spørsmål...
Published 12/18/23
Vi speler inn denne episoda etter dagens lefsebakst. No er det snart desember og julemusikken har fått lov til å entra produksjonslokalet medan vi står og baker. Mari bruker lefsebaksten til å reflektera over livet som bonde og som mangesyslar. I jakta på lønsemd og draumen om å skapa sin eigen jobb, kan det vera lett å gløyma seg sjølv og kva som eigentleg er grunnen til at ein valte eit slikt liv i utgangspunktet. Mykje kan vera både lurt og lønsamt, men det er arbeid og oppgåver som ein...
Published 11/27/23
Ja, vi er her framleis, skjønt det har vore stilt frå denne kanten ei stund. Det har vore ein del som har skjedd, mellom anna ein del farting fram og tilbake og mykje introspeksjon, men no er vi i gong med juleinnspurten og all bakinga som skal gjerast fram mot jul. Elles: Mari har vunne EM i kor! Vi har flytta hønsa ut i drivhuset for vinteren. Og vi held på å rydda og mala litt i huset. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook:...
Published 11/13/23
I går sendte vi avgarde årets lam og sauer til slakt. Der vi tidlegare år har slakta ganske få dyr sidan vi har bygd opp flokken, slaktar vi i år ganske mange: sytten stykk. Og blant dei er nokre av dei vaksne sauene og. I denne episoda tek vi særleg farvel med gjerdehopparen Fride, dottera hennar Aurora og fjorårets flaskelam Valeria. Fride har vore med oss frå start, og det er ekstra tungt å ta avskjed med dei som har fått ein spesiell plass i hjartet. På den positive sida, har Mari fått...
Published 10/02/23
Vi har gjennomført vårt fyrste introduksjonskurs for mangesyslarar! Vi samla ein ordentleg triveleg gjeng med ulike folk som hadde det til felles at dei ønsker seg eit annleis og naturnært liv utanfor hamsterhjulet. Vi jobba, snakka, draumte og delte tankane våre ei heil helg i lag, og stemninga var heilt nydeleg. Dette gav meirsmak, og no tenkjer vi på korleis vi kan tilby fleire kurs framover og vidareutvikla konseptet. Elles: No er det haust, og med det kjem klipping, utrangering, slakt...
Published 09/18/23
Vi er godt slitne og legg ei innhaldsrik veke bak oss idet vi kan sjå tilbake på ei helg med både matfestival i Bergen og konsert på garden. Det er fyrste gong vi deltek på Bergen matfestival i år, som arrangerast for 24. gong. Vi går gjennom korleis vi førebudde oss, korleis standen såg ut, kva ein må tenkja på når ein står på marknad, og kva for type varer som selte bra. Alt i alt var det ei positiv oppleving og vi skulle gjerne stått der på laurdagen og! Då hadde vi imidlertid allereie...
Published 09/04/23
Velkomen tilbake! Mari har vore fleire veker borte kjenst det ut som, på kurs og på fjelltur, men no byrjar kvardagen og hausten å slå inn. I dag er hovudtemaet (og frustrasjonen) lagringsplass, eller mangel på det, og tendensen mange (og kanskje særleg bønder) har til å samla opp ting. Mykje er ting som trengst i drifta, og særleg når ein er eit mangesysleri har kvar periode av året sine ting og sine verktøy som stadig skal hentast fram. For eit ryddig ordensmenneske kan det i seg sjølv...
Published 08/28/23
Vi har hatt vår fyrste debiorevisjon! Det var mykje trivelegare og mykje mindre skummelt enn det vi såg for oss som relativt ferske øko-bønder. No har vi (framleis) økologiske grønsaker, urter og ville vekster, og til hausten vert det økologisk sauekjøt og også fleire økologiske foredla produkt. Elles er framleis ei av årets største nøtter (og årets største frustrasjonar) å finna ut av ein beiterigg som funkar for oss. Vi har i år gått for nofence som gjerde i det målretta beitet, men det...
Published 08/07/23
Juli går inn i august og årstidene kverner sin vante gang. Det er framleis sommar, men seinsommaren har ei annan kjensle, ei anna luft og eit anna lys enn forsommaren. Vi har relativt god piff og er relativt optimistiske for tida som kjem, samstundes som vi førebur oss på at tempoet frå sommaren skal gli over i haust-tempo. Vi snakkar litt om årstider og korleis det å bu på gard har endra vårt syn på kva tid året startar og slutter. Vi pratar óg om retreaten vi arrangerte, ting som skjer...
Published 07/31/23
Vi har kome oss heilskinna gjennom både bryllup og bryllupsreise, og har no vendt tilbake som nesten nye menneske. Halleluja! I denne episoda får du høyra mest om korleis bryllupet og den store bryllupsfesten vår var (spoiler alert: alt vart heilt fullstendig magisk), men óg litt om den korte, men deilige bryllupsreisa + og tida etterpå.  Vi har til dømes hausta vår aller fyrste sommarhonning og er no litt meir engasjert over bieprosjektet vårt enn vi var for kunn ein månad sidan. Vi...
Published 07/10/23
Vi lever! Jada, vi er her framleis og alt går sin gang på mangesysleriet. Men i tillegg til våronna har det vore litt ekstra mykje for oss å tenkja på dei siste vekene, for vi har samstundes jobba med å førebu oss til BRYLLUP. Er vi ikkje allereie gift, tenkjer du kanskje. Jo, det er vi, men festen fekk vi aldri hatt, og dei fleste fekk ikkje med seg at vi gifta oss heller, for det skjedde i smug i februar 2020. Så kom koronaen, den store feiringa måtte utsetjast, og så flytta vi på gard...
Published 06/19/23
No er det snart 1. juni og fyrste sommarmånad! Kjetil er veldig nøgd med å ha fått eit minisagbruk i posten, slik at vi no kan saga våre eigne plank og materialar. Vi snakkar litt om korleis det funkar. Vi snakkar óg litt om sjeldne potetsortar, dyrking av korn, framskritta i hagen og ikkje minst den nye åkeren vi held på å anleggja no midt i våronna. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram:...
Published 05/29/23
Det er vår! Det plantast! Lamma er ute på beite! Sola skin! Dette bondelivet innbyr til det fulle og breie spekteret av livets store kjensler. Vi er overvelda over alt som skjer i naturen akkurat no og over det faktum at vi får lov å vera ein del av det heile. Samtundes er dei store konstrastane sterke i augeblikka kor vi plutseleg må ta stilling til liv og død, eller til usikkerheita i vår eigen økonomi. I dag snakkar vi om våronna, naturen sine mirakel, bekymringene kring inntekt og...
Published 05/15/23
Nyheit! Påmeldinga til kurset vårt den 19.-21. mai, introduksjonskurs for småbrukarar og mangesyslarar, har opna. Les meir og meld deg på her: https://gjengevoll.no/introduksjonskurs-for-mangesyslarar/  Gratulerer med dagen! I dag er det 1. mai, og vi feirer kampen for eit rettferdig samfunn med å snakka om jordbruksoppgjeret og bøndene sin kamp for ei anstendig inntekt. Kva har skjedd med forhandlingane så langt i år? Kva er ståa? Er kravet høgt eller lågt? Kven kjempar for retten til å...
Published 05/01/23
Lamminga er over halvvegs, og det går unna i fjosen. Vi har fått mange fleire lam enn i fjor (og våre fyrste trillingar) og snakkar litt om kvifor lammetala varierer frå år til år. Vi kårer også dei beste sauemødrene våre, snakkar om riggen i fjosen og om beiting, parasittar og helse. Elles er det sjukt fine dagar for tida, noko som passar veldig godt sidan det er mykje å gjera ute i hagen. I helga hadde vi dugnad og fekk tatt nokre sjumilssteg i riktig retning fram mot å få plantene skal i...
Published 04/17/23
Vi har ein fjos full av høggravide søyer! I denne episoda fortel vi om korleis påska vår har vore, og koreis lamminga har gått så langt. Dei fleste lamma gjenstår, og dagane og nettene våre går no med til jamnlege turer til fjosen. Vi deler og nokre spanande nyhende: Vi skal ha vårt aller fyrste kurs på garden! Himmelfartshelga, 18.-20. (eller 21.,) køyrer vi vår fyrste pilot-runde med vårt heilt nye inkubator-kurs for mangesyslarar. Dette vert eit dybdekurs der vi jobbar med deg som har ein...
Published 04/11/23
Endeleg er vi tilbake etter to veker med influensa på begge to. Og denne episoda er også årets fyrste ute-episode (tatt opp på verandaen)! Det betyr at våren er her for alvor. Vi nyter påskesola, sår masse frø og ventar på at lamminga skal byrja. Sidan sist har også Mari starta ein ny podcast! Den heiter Regenerativt liv og handlar om kjensler, autentisitet, livskvalitet og alt som er knytt til det å vera ekte og heile menneske. Sjekk han gjerne ut der dy høyrer podcast. Viss du har...
Published 04/03/23
Vi startar vekas episode med å takka for alle dei gode meldingane vi har fått sidan førre veke. Det å få lov til å inspirera og påverka til å skapa ei felles rørsle av engasjerte jordbrukarar, sjølvbergarar, mangesyslarar og bevisste forbrukarar er eit privilegium. Vi snakkar og om det å stadig læra og utvikla seg som bonde og som menneske. Vi er alltid i endring, og dei tinga vi trudde vi visste, er under konstant revisjon. Det er ikkje ein svakheit, men ein stor styrke å tilpassa seg...
Published 03/13/23
Korleis påverka systemet? Korleis endra verda? I dag snakkar vi om det å engasjera seg for å forandra jordbrukspolitikken. Vi snakkar om systemet slik det er i dag, kva som er gale med det og kva som gjer at du kanskje skal engasjera deg likevel - nettopp fordi det trengst å forandrast. Mari fortel om helgas årsmøte i fylkeslaga til Hordaland og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Der vart det vedteken ei felles uttale der vi kravde at det må innførast eit nytt tilskot til...
Published 03/07/23