Emil André Erstad: Ut av kristenkonservatismen
Listen now
Description
Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt enkelt spørsmål: Kvar er du på veg – mot himmelen eller helvete? Erstad diskuterer reisa han gjennomgjekk til eit mildare ljos saman med Alf Kjetil Walgermo. «Mørkemann» er ei forteljing om ei personleg reise, men boka teiknar også opp ein høgare, tematisk himmel: Kvifor er det eigentleg slik at nokon endrar både tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet?
More Episodes
Debutant Ingvill Kjærstein pratar om romanen Austvestpassasjen saman med forfattar, redaktør og Japan-kjennar Ina Strøm. Det blir ein augeopnande samtale som spenner frå frykt og orientalisme til rasisme og bifili.
Published 02/27/24
Published 02/27/24
Aina Basso og Kari Anne Bye snakkar om novellesamlinga «Eg rissa desse runene», der kvar novelle har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina...
Published 09/14/23