Episodes
Debutant Ingvill Kjærstein pratar om romanen Austvestpassasjen saman med forfattar, redaktør og Japan-kjennar Ina Strøm. Det blir ein augeopnande samtale som spenner frå frykt og orientalisme til rasisme og bifili.
Published 02/27/24
Published 02/27/24
Aina Basso og Kari Anne Bye snakkar om novellesamlinga «Eg rissa desse runene», der kvar novelle har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.
Published 09/14/23
Sigrid Agnethe Hansen og Olaug Nilssen snakkar om ungdomsromanen «Du veit ingenting» – eit sterkt portrett av eit nært, men vanskeleg søskenforhold.
Published 09/08/23
I denne episoden intervjuar Kristin Fridtun Bjørn Hatterud om boka «Blokka på Bjerke». I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene. På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite...
Published 06/02/23
Forfattaren frå Fitjar på Stord har skrive om lag 45 bøker i si lange skrivekarriere. I denne episoden snakkar han med redaktør Maren Ingeborg Hvamstad om den nyaste av dei: den vakre barndomsskildringa «Litle meg». Heine Bakke blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og...
Published 05/04/23
Anne Dorte Lunås intervjuar tre av Samlagets bokaktuelle poetar, Kaisa Aglen, Ellen Løvhaug Harrison og Martin Ingebrigtsen. Alle tre har skrive bøker som behandlar tema frå deira eige liv. Korleis fungerer denne vekselvirkinga i skriveprosessen? Korleis gjer man om sitt eige liv til poesi? Denne spesialepisoden av Samlagets podkastserie blei spelt inn framfor publikum på Litteraturhuset i Trondheim.
Published 05/03/23
Om psykiatri, krig og kjærleik. Debutant Therese Bakkevoll diskuterer romanen «Tallboy» med redaktør David Aasen.
Published 03/07/23
Peter F. Strassegger diskuterer sin nye ungdomsroman «Kvil i fred» med redaktør Brynjulf Jung Tjønn.
Published 02/24/23
Den prisvinnande svenske forfattaren Susanna Alakoski snakkar om starten på storverket «Bomullskvartetten» – arbeidarromanen «Bomullsengelen» – med Samlagets Katerina Futsæter Vik.
Published 02/23/23
Forfattarane Lina Liman og Olaug Nilssen i samtale med Eivor Andersen Oftestad under Sakprosafestivalen 2022
Published 12/16/22
Juleroser: Herborg Kråkevik med Nina Lykke
Published 11/18/22
Juleroser: Herborg Kråkevik med Robert Stoltenberg
Published 11/16/22
Hilde Myklebust og redaktør Brynjulf Jung Tjønn diskuterer den Bragepris-nominerte ungdomsromanen hennar.
Published 10/27/22
Bragepris-nominerte Aina Basso i samtale med Bragepris-nominerte Alfred Fidjestøl om sakprosa for barn og unge.
Published 10/27/22
Agnes Ravatn i samtale med Olaug Nilssen om «Gjestene»
Published 09/29/22
Alfred Fidjestøl og Sverre Tusvik: Biografien om Georg Johannesen
Published 09/23/22
Hege Blom i samtale med Olaug Nilssen om «Eg reiser aleine»
Published 09/19/22
Siri Helle og Cecilie Seiness diskuterer heimflyttingsprosjektet som inspirerte «Trollefossvegen 23».
Published 09/09/22
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen i samtale med Olaug Nilssen om «Eg blir her»
Published 09/06/22
Oddvar Vignes i samtale med Olaug Nilssen om «Sjølvmordsforsøket: livet før og etter»
Published 09/02/22
Alf Kjetil Walgermo & Anna Fiske
Published 09/02/22
Helene Guåker i samtale med Olaug Nilssen om «Ein venn som meg»
Published 08/31/22
Heidersmannen Ragnar Hovland fyller 70 år i år. I denne episoden snakkar han med Klassekampens Karin Haugen om den eineståande forfattarskapen sin – og tek oss med gjennom humor, sjukehusopphald og absurditetar – før han «legg inn kakespaden», som han seier sjølv.
Published 05/25/22
«Ro: om Sognefjorden og ein lang rotur heim» blei til fordi eventyrar og forfattar Sigri Sandberg ville finne ro. Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Sigri er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro. Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Ho startar ytst i havet...
Published 05/22/22