Episodes
Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt enkelt spørsmål: Kvar er du på veg – mot himmelen eller helvete? Erstad diskuterer reisa han gjennomgjekk til eit mildare ljos saman med Alf Kjetil Walgermo. «Mørkemann» er ei forteljing om ei personleg reise, men boka...
Published 05/04/22
I den nye romanen «Du er bonde» skriv Kristin Auestad Danielsen om to jenter som veks opp som odelsjenter i Gjesdal kommune på 90-talet. I denne episoden diskuterer Auestad Danielsen og Olaug Nilssen boka, som er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
Published 04/28/22
Då kvalpen Foxi blei fødd var eigaren Tommy sikker på at ho ikkje kom til å finne sin stad i hundespannet hans. Så kjem dagen ho får vist at ho er den sterkaste og smartaste av dei alle. Boka «Foxi» handlar om forholdet mellom hund og menneske – og verdas tøffaste hundeløp: Iditarod. Forfattar Line Nagell Ylvisåker fortel den utrulege historia til Olaug Nilssen.
Published 04/22/22
Jan Inge Sørbø fortel om diktar og kulturarbeidar Hulda Garborg – som han meiner er ein av fire store kvinnelege forfattarar som fortener meir merksemd. Boka «Fire store» kjem ut i slutten av mai.
Published 04/17/22
Jan Inge Sørbø fortel om diktar Gro Holm – som han meiner er ein av fire store kvinnelege forfattarar som fortener meir merksemd. Boka «Fire store» kjem ut i slutten av mai.
Published 04/16/22
Jan Inge Sørbø fortel om diktar og skodespelar Marie Takvam – som han meiner er ein av fire store kvinnelege forfattarar som fortener meir merksemd. Boka «Fire store» kjem ut i slutten av mai.
Published 04/15/22
Forfattar Jan Inge Sørbø fortel om diktar og journalist Aslaug Vaa – som han meiner er ein av fire store kvinnelege forfattarar som fortener meir merksemd. Boka «Fire store» kjem ut i slutten av mai.
Published 04/14/22
Den kritikarroste og prisvinnande forfattaren Mette Karlsvik er aktuell med romanen «Surtsey» – om to ungdommar frå Heimaey som blir bråvaksne i løpet av ei skjebnesvanger natt i ein liten seglbåt på havet. I denne episoden fortel ho om skrivinga, om alt ein kan lære seg ved å lesa og kvifor ho igjen har valt å legge handlinga til sitt kjære Island. Mette Karlsvik debuterte på Samlaget med romanen «Vindauga i matsalen vender mot fjorden» i 2005. Boka vann ho Tarjei Vesaas’ debutantpris for.
Published 03/31/22
I diktsamlinga Ø undersøker Tangerås tapet av eit barn som dør. Tangerås har også forska på korleis møte med litteratur kan endre livet til lesaren. Han møter terapeut og psykolog Sissel Gran til ein samtale om diktsamlinga Ø og kva litteratur kan bety som ei endrande kraft.
Published 03/09/22
I «Skap & Sørg» utforskar Arne Henning Årskaug mekanismane som får menneske til å trasse og til å lystre. Maksimalistisk og ublygt skildar Årskaug eksessar som sex og rus, og korleis halde ut gørra vi ber på. Høyr han i samtale med Olaug Nilssen om dette og om ordrikdomen han bruker for å skildre eksessane. For kva betyr ufjelg, krekser, sorpe og gnavla?
Published 02/21/22
I Atle Berges nye roman Diskursteori for barn og fulle folk tek jordmor og Brannsupportar Arne Fjørtoft eit oppgjer med konkurranse- og effektiviseringssamfunnet. Arne går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere.  Men kva er eigenleg ein diskurs, og korleis kan ein leve eit liv utanfor dei sosiale konvensjonane? Møt Atle Berge i samtale med Olaug Nilssen.
Published 02/01/22
I boka Etter folkemordet undersøkjer historikar Ingjerd Veiden Brakstad korleis det var for jødane å komme attende til Noreg etter frigjeringa. I ei tid prega av sorg, uvisse og sakn skulle dei bygge opp livet sitt igjen frå grunnen. Dei var fråtekne leilegheiter, hus, forretningar og alle personlege eigedelar. Møt Ingjerd Veiden Brakstad i samtale med redaktør Therese Tungen.
Published 12/26/21
Maria Lavik har blitt kjent med åtte fattige norske barnefamiler og skriv om dei i boka Vi, dei fattige. Korleis er det eigentleg å vere ein fattig forsørgar, og korleis er det å vekse opp som eit fattig barn? Møt Maria Lavik i samtale med redaktør Cecilie Seiness.
Published 12/26/21
Endeleg er heile Septologien ute, eit mektig tre-bands romanverk om den aldrande kunstmålaren Asle. Verket rommar så mykje, korleis skal ein lese og forstå det? Kva har Fosse sjølv tenkt? Møt Jon Fosse i samtale med forfattar og redaktør Alf van der Hagen.
Published 12/26/21
I diktboka Eg bur her no forsøker forfattar Kari Anne Bye å forstå den ferske kjærleiken og samlivet til eit par som nett har flytta saman. Bye møter psykolog og samlivsterapeut Sissel Gran til ei samtale om det aller viktigaste i livet;  kjærleik og litteratur.
Published 12/26/21