24. Lars Petter Sveen: Når lysta til å snakke er større enn frykta for å stamme
Listen now
Description
Lars Petter Sveen prøvde å miste kontrollen i skrivinga av boka Kunsten å stamme. I boka skriv han om noko han knapt har turt å snakke høgt om tidlegare: Si eiga stamming. Det har blitt ei rørande og personleg bok, om angst, om å leve og om å tørre å miste kontrollen. I denne episoden fortel han om kva som fekk han til å starte skrivinga, at han ikkje forstår kvifor folk ønskjer å bli kjendis og korleis det var å få kommentarar frå redaktør på seg sjølv i bokform. Bøker av Lars Petter Sveen: Køyre frå Fræna – noveller 2008Eg kjem tilbake – roman 2011Guds barn – roman 2014Fem stjerner – roman 2017Fem skuggar – roman 2018Nordriket – roman 2020Kunsten å stamme – uten at noen merker det – sakprosa 2022 — Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: [email protected] Nettside: sunnivaberg.no Musikk: Simon Relling Berg Grafisk design: Vidar Flak Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
More Episodes
Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet. Hilde Myklebust har skrive...
Published 05/07/24
Endre Ruset debuterte som forfattar allereie som 19-åring. Heile livet har han arbeidd med litteratur.  Etter mange år i Oslo, flytta han heim til Molde. Sjølv om han hadde mange oppdrag, kjendest det personlege livet tomt.  Han var eit uroleg barn, og ingen trudde han skulle bli forfattar på...
Published 04/22/24
Published 04/22/24