25. Kosmosmodellar under stjernehimmelen
Listen now
Description
Folk i gammal tid hadde ikkje folk fly og romskip. Men dei kunne observere at vi bur på ei jordskive som himmelen kvelver seg over, roterande rundt eit punkt, nemleg nordstjerna. Korleis tolka folk dette for å få samanheng  og meining? I denne episoden går vi gjennom fire kosmosmodellar som folk i nordlege strøk laga seg med å tolke desse observasjonane i lys av ting dei kjende frå dagleglivet.  Stikkord: Stjernehimmelen, naturleg lys, himmelstolpe, verdspåle, kosmisk kvern, kosmisk telt; kosmisk kvelvd kjel, jordskive, rund jord og segling, finsk tradisjon, samisk tradisjon, sibirske tradisjonar, norrøn og nordisk tradisjon. 
More Episodes
Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin...
Published 06/16/24
Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023
Published 06/02/24
Published 06/02/24